Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om torvmose: Visste du at?

Torvmosar dekkjer nesten 10 % av Noregs areal og kan halde på meir enn 25 gonger si eiga tørrvekt i vatn. Torva i verdas myrer bind 550 milliardar tonn karbon. Torvmosane har med andre ord viktige roller som flombuffer og klimastabilisator, og kan brukast til mykje.

Landskap med myr i fjellet. Foto.
Myrlandskap i Nesådalen

Nærbilde av grønn torvmose. Foto.
Visste du at?

  • Det finst omtrent 50 artar av torvmose i Noreg, og fleire hundre totalt.
  • Torvmosane produserer eit stoff, sphagnan, som er svakt antibiotisk. Det fører til at rotningsbakteriar ikkje kan bryte ned dei daude plantedelane i myra. Myra veks derfor litt kvart år og dannar torv.
  • Det tek minst 1000 år å byggje opp ein meter torv.

Torvmose blir brukt og har blitt brukt til:

  • Såromslag: Tørka torvmose er svært absorberande, og det bakteriedrepande stoffet sphagnan, som torvmosen produserer, gjer at ein kan unngå infeksjonar, og at sår gror fortare. Under første verdskrigen brukte den britiske hæren ein million torvomslag per månad til soldatane sine. Slike omslag var spesielt nyttige sidan ein enno ikkje hadde penicillin.
  • Bleier: Torvmosen var egna både fordi han har evne til å ta opp væske, og fordi han har antibakteriell effekt.
  • Eldre bilde av stabler med torv som tørkes. Foto.
    Tørking av torv til brensel
    Strø i fjøset, av same grunnen som for bleiene.
  • Langtidsoppbevaring av mat: Gulrot og fisk kan pakkast inn i torvmose og held seg då lenger.
  • Brensel: Uttak av torv på myrane var vanleg før. Torva blei tørka på hesjer, i såter eller i luftige løer på myra før ho blei teken heim.
  • Tetting rundt vindauge og mellom tømmerstokkane i lafta hus.
  • Isolering i hus.
  • Torvstrø som er gjødsla: Denne blir brukt til jordforbetring og plantedyrking.
  • Opptørking av oljesøl: Tørka torvmose kan brukast til å suge opp oljesøl og liknande i ureina sjø og jord.
Rødoransje teppe av torvmoser. Foto.
Torvmoseteppe

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff