Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Suksesjonar – økosystema er i endring

Suksesjon i et tjern. Illustrasjon.
  • Suksesjon er endring av artssamansetninga over tid i eit økosystem.
  • Vi skil mellom primær og sekundær suksesjon.
  • Primær suksesjon er den langsiktige utviklinga som skjer frå starten av, når eit livlaust område blir tilgjengeleg for levande organismar, for eksempel der ein isbre smeltar bort.
  • Sekundær suksesjon er utviklinga som følgjer etter ei større endring i miljøforholda i eit etablert økosystem, for eksempel skogbrann eller gjengroing.
  • Naturen er i stadig endring. Menneske kan påverke desse endringane. Eksempel på dette er avrenning til vatn og vassdrag eller skogsdrift.
  • Pionerfasen er starten på ein suksesjon. I ein primær suksesjon startar det som regel med organismar av gruppa lav. Ved sekundær suksesjon finst oftast jordsmonn med røter og frø. Her er pionerplantene gjerne lyskrevjande organismar med god spreiingsevne.
  • Konsolideringsfasen er fasen etter pionerfasen. Her er artsmangfaldet størst.
  • Klimaksfasen er det stabile og "endelege" stadiet i suksesjonen. I Noreg er klimaksstadiet prega av økosystem med barskog.

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff