Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arkeologiske funn i myrar

Rike arkeologiske funn i myrar skuldast låg temperatur, mykje vatn som held oksygenet borte, låg pH og sphagnan som vert skilt ut av torvmosen. Alle desse faktorane medverkar til å hemme forròtningsbakteriane

.

Myrlandskap med tydelige spor etter torvskjæring. Foto.
Torvuttak i Irland

Det er gjort rike arkeologiske funn i myrar

Mumifisert lik som er funne i ei myr.
Tollundmannen på Silkeborg Museum.
Under torvskjering, spesielt rundt 1950, men òg fleire hundre år tidlegare, blei det funne mange gjenstandar og daude kroppar i myrar. I Danmark er det funne fleire tusen år gamle lik (moselika) der både hud, hår og indre organ er godt bevarte. Grunnen til at kroppane ikkje blir brotne ned, slik som i jord, er den låge temperaturen, mykje vatn som held oksygenet borte, låg pH og sphagnan som blir skilt ut av torvmosen. Alle desse faktorane medverkar til å hemme rotningsbakteriane. Torvmosen verkar som garvesyre og gjer huda lêraktig.

Langskip på museum.
Nydambåten, frå Jylland i Danmark. Han er 23 m lang, uvanleg godt bevart og er frå 300-talet e.Kr. Han inneheldt våpen, reiskapar og smykke.

Tollundmannen er eit spesielt godt bevart moselik som blei funne under torvuttak i ei myr på Midt-Jylland i Danmark i 1950. Tollundmannen var omtrent 30 år gammal då han blei hengd og kasta i myra. Det var enno restar av tau rundt halsen på mannen. Han levde truleg omkring år 400–300 før Kristus. Tollundmannen er utstilt i museet på Silkeborg Hovedgård.

Mykje tyder på at myr og innsjøar har vore heilage område i jernalderen. Det er funne store mengder med offergåver som våpen frå sigerherrar i krig, vogner, smykke og kar av keramikk og edle metall som underbyggjer denne teorien.

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff