Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike fasar i ein suksesjon

Endringane som skjer gjennom ein suksesjon, kan vi dele inn i ulike fasar: pionerfasen, konsolideringsfasen og klimaksfasen.

Pionerfasen – lys og næringsrik

Pionerfasen er starten på ein suksesjon. I ein primærsuksesjon startar det som regel med lavartar. Dei tek næring frå regnvatnet og klarer seg på berg, stein eller rein mineraljord utan innhald av humus.

Etter kvart som stein forvitrar og innhald av organisk materiale blir blanda inn, får vi eit jordsmonn der også andre planter kan vekse. Når planter har etablert seg, kan også ulike dyr finne næring og levestad her.

Skogmus. Foto.
Skogmus finn næring og skjulestader i vegetasjonen.

Ved sekundær suksesjon finst allereie eit jordsmonn, oftast med røter og frø. Her finn vi også mikroorganismar og dyr. Pionerplantene her er gjerne lyskrevjande organismar med god spreiingsevne. Ofte vil næringskrevjande planter dominere fordi konkurransen om næring er liten i denne fasen.

Det oppstår gunstige nisjar for smågnagarar. Småfuglar, både frøetande og insektetarar, har god næringstilgang og finn gøymestader her.

Konsolideringsfasen – konkurranse om ressursane

Elgokse som beiter vier. Foto.
Elgokse som beiter vier.

Konsolideringsfasen følgjer etter pionerfasen og har det største artsmangfaldet. Pionerartane er i tilbakegang, men framleis til stades. På same tid er konkurransesterke artar med mindre næringskrav i sterk vekst. Det varierte plantelivet gir eit miljø som tiltrekkjer eit mangfald av dyreartar. Dette er viktige beiteområde for hjortedyr som elg og rådyr.

Klimaksfasen – stabilitet i mange år

Taigaens utbredelse. Illustrasjon.
Utbreiinga av det nordlege barskogbeltet, taigaen.

Klimaksfasen er det stabile og "endelege" stadiet i suksesjonen. Artsutvalet blir styrt hovudsakeleg av klimaet i området, med påverknad av andre abiotiske faktorar som pH-verdien i jorda, næringsstatus og fukt. I Noreg er klimaksstadiet prega av økosystem med barskog. Desse økosystema er samla under namnet taiga. I fjellområda, der gjennomsnittstemperaturen i sommarhalvåret er for låg og vekstsesongen for kort, manglar skogen. Skogen manglar også langs den ytste kyststripa på grunn av vind og saltpåverknad frå sjøen. I kystnære område i sør og vest kan klimaksstadiet vere prega av edellauvskogar som krev lengre vekstsesong og betre jordsmonn enn barskogane. Ekorn og storfugl er eksempel på artar som er knytte til gammal barskog.

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff