1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
  5. Økosystema er i endringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økosystema er i endring

Naturen rundt oss er heile tida i endring. Vi skal lære om kva desse endringane har si årsak i, og kva som kan skje med eit økosystem gjennom eit lengre tidsperspektiv.

Suksesjon fra tjern til myr. Illustrasjon.


Dei fleste endringane skjer langsamt. Tenk deg eit vatn, ein skog eller eit anna naturområde du kjenner godt. Det er ikkje så lett å sjå at naturen endrar seg frå år til år. I eit velutvikla økosystem er det balanse i forholdet mellom dei ulike organismane og i organismane sitt forhold til naturmiljøet. Over eit avgrensa tidsrom kan eit økosystem derfor oppfattast som ein stabil tilstand. Men viss vi studerer eit økosystem over eit langt tidsrom, vil vi sjå at både dei abiotiske faktorane og kva for artar som lever der, blir endra. Endringane kan skje langsamt over lang tid, men det kan også skje brå endringar ved brann eller ras.

Økosystem i endring: Suksesjon

Det abiotiske miljøet endrar seg gradvis gjennom fleire prosessar som går føre seg samtidig. Eksempel på dette er:

  • Berggrunnen forvitrar og dannar lausmateriale som utviklar jordsmonn.
  • Regnvatn vaskar ut næringsstoff frå jorda.
  • Klimaet blir forandra.

Dei levande organismane påverkar også miljøet. Eksempel på dette er:

  • Daude planter tilfører jorda humus og endrar samansetjinga av jordsmonnet.
  • Barnåler dannar sur humus som påverkar pH-verdien i jorda.
  • Tre som veks opp, vil skugge for mange planter som veks der, og forandring av plantelivet påverkar kva for dyr som kan leve der.
  • I tjern og innsjøar kan aukande plantevekst føre til at grunne område langs strendene blir utvikla til sump. Med tida kan heile tjernet fyllast opp med planterestar og bli til ei myr.

Ei slik gradvis endring av eit økosystem blir på fagspråket kalla ein suksesjon.

To hovudtypar

Vi deler inn suksesjon i to hovudtypar: primær suksesjon og sekundær suksesjon. I denne presentasjonen ser du ulike eksempel på dei to suksesjonstypane:

Primær suksesjon – på bar bakke

Primær suksesjon er den langsame utviklinga som startar når eit livlaust område blir tilgjengeleg for levande organismar. Eit område som er dekt av lava og vulkansk oske etter vulkanutbrott, er i starten heilt utan biologisk liv. Etter kvart kan nokre organismar ta området i bruk. Dette påverkar miljøet slik at det kan gi livsvilkår for andre organismar. På denne måten blir det danna eit økosystem som gradvis endrar seg med tida. Tilsvarande utvikling har vi på ein morene som er smelta fram frå ein isbre, eller på sand- og grusavsetjingar langs ei elvebreidd.

Primær suksesjon. Illustrasjon.
Primær suksesjon startar her med stein: Gradvis ser vi at det dannar seg jordsmonn, og vegetasjonen endrar seg gradvis.

Sekundær suksesjon – jordsmonn er på plass

Sekundær suksesjon er utviklinga som følgjer etter ei større forandring i miljøforholda i eit etablert økosystem. Dei nye forholda vil gi livsgrunnlag for organismar med andre miljøkrav og andre miljøtilpassingar enn dei som levde der før. Eksempel på slike forandringar kan vere skogbrann, flatehogst og det å slutte å dyrke jorda i eit område.

Sekundær suksesjon etter skogbrann. Illustrasjon.
Sekundær suksesjon: Ein brann er starten på ein ny suksesjon. Frø og jordsmonn er til stades.
Suksesjon er endring av artssamansetjinga over tid i eit økosystem. Vi skil mellom primær og sekundær suksesjon.

Menneskeskapte endringar

Menneske påverkar naturen på ulike måtar. Slike påverknader kan endre dei abiotiske faktorane og kva for artar som er til stades i eit økosystem. Eksempel på dette er:

  • avrenning av gjødsel og næringsstoff som fører til auka alge- og plantevekst i vatn og vassdrag
  • klimaendringar som gjer at artssamansetjinga endrar seg
  • grøfting av myr som senkar grunnvatnet
  • hogst og tynning av skog

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Om torvmose: Visste du at?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Arkeologiske funn i myrar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Delane til mikroskopet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Korleis mikroskopet er bygd og fungerer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff