Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Suksesjonar – økosystema i endringChevronRight
  5. Arbeidsoppgåver – Økosystema er i endringChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Arbeidsoppgåver – Økosystema er i endring

Desse oppgåvene krev at du søkjer opplysningar og omarbeider stoffet.

Primær suksesjon. Illustrasjon.
Primær suksesjon

Arbeidsoppgåver – Økosystema er i endring

  1. Gi to eksempel på at levende organismar kan forandre det abiotiske miljøet i eit økosystem.
  2. Korleis endrar det biologiske mangfaldet seg vanlegvis gjennom ein suksesjon?
  3. Kva skil ein sekundær suksesjon frå ein primær suksesjon?
  4. Kva for eigenskapar har planter som dominerer pionerfasen i suksesjonen på ei hogstflate?
  5. Kva er årsaka til at mangfaldet av artar er størst i konsolideringsfasen av ein suksesjon?
  6. Kva for vegetasjonstype dominerer klimaksstadiet i desse områda? Prøve å finne årsakene til forskjellane.
    1. låglandet i ein innlandskommune i Midt-Noreg?
    2. låglandet i kystnære strøk i Telemark?
    3. ytre kyststrøk på Vestlandet?
    4. høgareliggjande fjellbygder i Nordland?
  7. Kva er det som avgjer kva slags artar som lever i eit bestemt område?
    Kan du nemne nokre faktorar som er viktige?
  8. Kva hadde skjedd med naturen om menneska ikkje hadde påverka han? Ville han vere uforandra for alltid?
  9. Gi eksempel på korleis menneske påverkar den naturlege suksesjonen i eit økosystem.
  10. Forklar korleis klimaendringar kan påverke ein suksesjon. Vel sjølv kva slags økosystem du vil bruke som eksempel.

Læringsressursar

Suksesjonar – økosystema i endring

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?