Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Berekraftig framtid

Barn maler jordoverflaten med maling med blomstermønster. Grafikk.
  • Berekraftig utvikling går ut på å sikre behova til dei som lever i dag utan at det går utover moglegheitene for kommande generasjonar til å få sikra sine behov.
  • For å oppnå ei berekraftig utvikling har mange land i verda komme saman og blitt einige om fleire avtalar:
1972FNs miljøprogram (UNEP)UNEP leier jobbinga med mange klima- og miljøavtalar.
1986Bern-konvensjonenAvtale om vern av artar og område.
1987Konferansen "Vår felles framtid"Omgrepet "berekraftig utvikling" blir løfta fram.
1992Agenda 21Miljøtiltak skal forankrast lokalt: «Tenk globalt – handle lokalt».
1997Kyoto-avtalenKutt i klimagassutslepp i vestlege land.
2000FNs tusenårsmålMål for å redusere fattigdom.
2015FNs berekraftsmålMål om fattigdom, klimaendringar og ulikskapar.
2016ParisavtalenAlle land må kutte utslepp av klimagassar. Dei rike må kutte mest.
  • FNs berekraftsmål handlar om 17 tema, som for eksempel livet på land, likestilling, helse og klimaendringar. Til saman dekkjer dei sosiale forhold, naturmiljø og økonomi.
  • Skog er viktig for å få ei berekraftig utvikling. Han gir oss mange ressursar og tenester og er derfor utsett for press.
  • Havet er viktig som leveområde for mange artar, og som matfat for oss. Det blir trua av forsøpling og forsuring.
  • Verdas ressursar er skeivt fordelte, og mange lever framleis i fattigdom. Når menneske skal løftast ut av fattigdom, må dette skje på ein måte som ikkje øydelegg naturressursane.

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter