Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
  5. Ut av fattigdom – håp for framtida!ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ut av fattigdom – håp for framtida!

Alle menneske har behov for ressursar frå naturen som mat, klede og andre produkt. Når fleire menneske får høgare levestandard, blir belastinga på ressursane på jorda større. Vi må fordele ressursane meir rettferdig og løfte befolkninga i verda ut av fattigdom på ein berekraftig måte. Diskuter filmen

  1. I Vietnam har tilgangen til elektrisitet auka veldig dei siste 20 åra. Korleis har dei klart dette, og kva for konsekvensar kan det ha hatt for miljøet?
  2. Gi andre eksempel frå filmen på tiltak som har bidrege til utvikling og nedkjempinga av fattigdom.
  3. Kvifor er det viktig å sjå på dei miljømessige verknadene av slike tiltak?

Fattigdom og berekraftig utvikling

Figur som viser at bærekraftig utvikling handler om miljø, sosiale forhold og økonomi. Grafikk.
Berekraftig utvikling handlar om naturmiljø, sosiale forhold og økonomi.

Nedkjemping av fattigdom er nødvendig for å kunne oppnå ei berekraftig utvikling. Dette er rett og slett fordi berekraftig utvikling handlar om å ta vare på behova til dei som lever i dag, og til dei som kjem etter oss. Ofte tenkjer vi på å ta vare på naturen når vi snakkar om berekraftig utvikling. Men ei slik utvikling inneber også sosiale forhold, som tilgang til skulegang og helsetilbod, og økonomi.

I tillegg må vi ha ei rettferdig fordeling av ressursar på tvers av landegrenser og generasjonar. Vi må også vere merksame på at forbruket aukar når fleire menneske blir løfta ut av fattigdom. Dette fører til auka press på ressursane på jorda, dersom vi som har meir enn nok, held fram med å leve som vi gjer.

Fattigdom kan bidra til miljøproblem

Når ein lever i fattigdom, kan ein bli tvinga til å ta val som skaper miljøproblem. Ein fattig bonde i Amazonas kan bli nøydd til å brenne regnskog for å skaffe åkerland, slik at han kan dyrke mat. Nomadar i Afrika treng mange husdyr for å skaffe nok mat til familien. Dette kan bidra til overbeiting, slik at den naturlege vegetasjonen blir skada. Når planterøtene forsvinn, kan jorda blåse bort eller vaskast vekk med regnvatn. Dette blir kalla jorderosjon. Fattige land har kanskje ikkje råd til den nyaste og mest miljøvennlege teknologien. Industrien i desse landa kan derfor skape mykje ureining.

Overforbruk av naturressursar

Det store forbruket av naturressursar i dei rike landa er ei viktig årsak til nokre av miljøproblema i dag. I industrien blir det brukt store mengder naturressursar som metall, kol, olje og gass. Råstoff blir henta ut frå naturen og blir tilarbeidde til produkt som endar opp som avfall etter bruk. På denne måten blir ein stor del av råstoffa som blir brukte, omdanna til avfall. Det forbruksmønsteret vi har vendt oss til i den rike delen av verda, er sløsing med ressursar. I dag er det mangel på nokre typar råvarer, for eksempel fosfat, som blant anna blir brukt i produksjon av kunstgjødsel. I verste fall kan det komme til å bli mangel på fleire viktige ressursar i framtida.

Overforbruk av ressurser. Tegning.

Ut av fattigdom på ein berekraftig måte

Utfordringa blir å løfte menneske ut av fattigdom, utan at dette utarmar naturressursane og skader miljøet. Noreg, og mange andre vestlege land har gått frå å vere lutfattige til å bli velståande nasjonar på nokså kort tid. Men måten dette har skjedd på, kan ikkje seiast å ha vore berekraftig. Dei fattige landa i dag kan derfor ikkje følgje det «dårlege» eksempelet vårt på veg til velstand.

Rettferdig fordeling

Alle har lik rett til å leve gode liv, og det er nok ressursar til alle. Problemet er at nokre av oss legg beslag på ein større del av ressursane enn det som er vår del. Dersom alle i verda hadde eit forbruk som oss i Noreg, måtte vi hatt 2,8 jordklodar. Sidan vi berre har éin jordklode, må dette bety at dei ressursane vi har, er ujamnt fordelte. For å løyse fattigdomsproblemet på ein berekraftig måte må vi endre måten å tenkje forbruk på i vår del av verda.

Innvandrerfamilie i Norge. Foto.

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter