Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Havet – stort og sårbart

Tenk deg at du sit i ein liten båt langt ute på havet. Du kan ikkje sjå land kvar du enn snur deg. Havet verkar uendeleg stort, så stort at det nesten synest upåverka av det vi menneske føretek oss. Opphoping av plastavfall og forsuring er teikn på at dette ikkje stemmer.

Diskuter

  1. Kva kan kvar og ein av oss gjere for å redusere problemet med plast i havet og langs strendene våre?

  2. Gi eksempel på at havet er viktig for oss menneske.

  3. Plast blir brote ned svært sakte. Kva kan skje med små plastbitar i havet?

  4. «Plast er ikkje ein del av naturen.» Diskuter denne utsegna.
  5. Kva trur du ei berekraftig forvalting av havet inneber?

Havet gir og havet får

For få år sidan var det heilt vanleg å sende ureinsa kloakk rett ut i havet. I dag høyrest dette heilt utruleg ut, men situasjonen er kanskje ikkje så mykje betre no. Vi veit at det kvart år blir kasta åtte millionar tonn plast ut i havet. Tenk deg at søppelbilen tømmer eit lass med plast på stranda – kvart minutt – kvar dag i eit heilt år – då har du åtte millionar tonn plast. Idéen om at vi kan dumpe søpla vår i havet utan at det har nokon konsekvensar, vil sjølvsagt ikkje bidra til ei berekraftig utvikling. Oppslag i media om kvalar, fisk og fugl med magen full av plast, har skapt mykje merksemd rundt marin forsøpling. Kanskje vi er ved eit vendepunkt når det gjeld synet på havet som stort og upåverkeleg for menneskeleg aktivitet?

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter