Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
  5. Skog – ein nøkkel til berekraft?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skog – ein nøkkel til berekraft?

Skog dekkjer ein tredel av landarealet på jorda og er heim for åtti prosent av artane som lever her; dyr, planter, sopp og bakteriar. Mange er utrydda allereie eller i fare for å bli det. Samtidig er det artar som ikkje er oppdaga enno! Vi må ta vare på skogen for å få ei berekraftig utvikling.

Diskuter!

  1. Logo til Liv på land, et av FNs femtende bærekraftsmål. Grafikk.
    Kva bidreg skog med til oss menneske ifølgje filmen?
  2. På kva for andre måtar kan skogen vere viktig?
  3. I slutten av filmen vert det hevda at naturen sit med minst 1/3 av løysinga på problemet med klimaendringar. Kva trur du meinast med dette?
  4. Diskutér utsegna "Naturen treng ikkje menneske. Menneske treng natur."

Vi må forvalte skogen smart

Skog er den naturtypen vi finn flest truga artar i. Det er viktig at den menneskelege aktiviteten i skogen tek omsyn til dette.

Stolpediagram som viser antallet truede arter i ulike naturtyper. Grafikk.
Truga artar i ulike naturtypar

Skogen bidreg med store økonomiske verdiar. Hogst og planting av ny skog er nødvendig, men vi må vere klar over at dette påverkar enkelte artar negativt. Skogsbilvegar trengst for å frakte tømmer ut av skogen, men dette fører til oppdeling av leveområde og gjer at vi får færre område med villmarkspreg. Auka interesse for bruk av skogen til produksjon av biodrivstoff kan også føre til auka press på skogøkosystema.

Utfordringar for verdas skogar

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter