1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
  5. Berekraftsmåla viser vegChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Berekraftsmåla viser veg

FN har valt 17 tema som vi må jobbe med for å oppnå ei berekraftig utvikling. Måla gjeld i 193 land og skal gjere oss i stand til å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.

Alt heng saman

Som vi ser av berekraftsmåla, er det mange faktorar som har betydning for om ei utvikling er berekraftig eller ikkje. Nokre av måla handlar om sosiale forhold, andre handlar om miljø eller økonomi. Det kan kanskje verke litt overveldande, men heldigvis heng mange av desse områda saman. Dersom ein klarer å kjempe mot klimaendringar, har dette innverknad på livet både på land og i havet. Dette har igjen betydning for om vi klarer å halde nede svolt og fattigdom.

FNs bærekraftsmål med symboler for hvert mål. Grafikk.

Hensikta med berekraftsmåla

Hensikta med berekraftsmåla er å lage eit system der vi kan følgje med på det som skjer, og sjå om det vi gjer, hjelper. Då kan vi lettare styre utviklinga, slik at vi når målet: Ei utvikling som er berekraftig. Dersom vi klarer det, vil dei som kjem etter oss, få minst like gode moglegheiter til å leve dei liva dei ønskjer, som det vi har. Og det er faktisk 193 land i verda einige om at vi må!

Berekraftsmåla er delte opp i 169 delmål. Du kan lese meir om måla her:
Bærekraftsmålene – hovudmål og delmål

Diskuter!

  1. Kva for nokre av dei 17 måla meiner du er viktigast? Kvifor?
  2. Finn eksempel på mål som heng saman med kvarandre. Kvifor gjer dei det?
  3. Kva for mål handlar mest om miljø?
  4. Kva for mål trur du er vanskelegast å nå? Kvifor trur du det?
  5. Ta utgangspunkt i læreplanen i naturfag. Prøv å knyte dei ulike kompetansemåla til kvar av dei 17 berekraftsmåla til FN. Er det nokre læreplanmål som ikkje kan knytast til desse? Kommenter.
  6. I dei nye læreplanane for skulen blir det føreslege at «Berekraftig utvikling» skal vere eit tema som ein jobbar med i alle faga i skulen. Ta utgangspunkt i berekraftsmåla og diskuter korleis ein kan jobbe med «Berekraftig utvikling» i fag som de har på timeplanen. Kanskje de klarer å knyte berekraftsmål til alle faga de har?

Krig og fred og religion og politikk og sånn?

Politikarane i Noreg bruker også FN sine berekraftsmål når dei utviklar politikk og tek avgjerder. Tenk igjennom kva for mål du synest er viktigast, før du ser filmen under. Her får du vite kva politikarar frå ulike parti meiner om FNs berekraftsmål. Kanskje du finn nokre politikarar som er einige med deg?

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter