Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Berekraftig framtidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Berekraftig utvikling

Barna våre må få dei same moglegheitene til å leve dei liva dei ønskjer, som det tidlegare generasjonar har hatt. I ei utvikling som er berekraftig, bruker vi ikkje meir av naturen enn det som er tilveksten, og alle skal ha moglegheita til å leve gode liv.

Berekraftig utvikling

Avskoging har for eksempel vore eit problem som har gått att i mange av dei store sivilisasjonane i verdshistoria. I Europa førte nedhogginga av skog på 16- og 1700-talet til ei frykt for at tømmermangel skulle bli ein trussel mot eksistensen til verdsdelen. Ved Røros blei stadig større område snauhogd for å skaffe kol til koparverket, som starta midt på 1600-talet. Snauhogsten sette preg på landskapet i lang tid før skogen etablerte seg igjen.

Forståinga for at det måtte vere ein balanse mellom kor mange tre som blei hogde, og kor mange tre som blei planta, vaks fram. Ein skjøna at ein måtte tenkje annleis for at kommande generasjonar også skulle ha glede av desse ressursane. Denne måten å tenkje på liknar på det vi i dag kallar «berekraftig utvikling».

I vår tid dukka tanken om «berekraftig utvikling» opp att i FN-rapporten «Vår felles framtid» i 1987. Denne rapporten blir også kalla Brundtland-rapporten, fordi tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland leia arbeidet som førte fram til han. Her finn vi ein definisjon på berekraftig utvikling som rommar både klima og miljø, økonomi og sosiale forhold:

«Vi må sikre behovene til de som lever i dag, uten at dette går utover framtidige generasjoners muligheter til å få oppfylt sine.»

Brundtland-rapporten, 1987

Korleis får vi det til?

Det er ikkje vanskeleg å vere einig i at det er fornuftig å jobbe for ei utvikling som er berekraftig. Men korleis får vi det til, og korleis kan vi vite om utviklinga går i ei meir berekraftig retning?
Ein ting er sikkert: Vi må samarbeide på tvers av landegrensene for å få det til. Den første store miljøkonferansen blei arrangert av FN i Stockholm i 1972. Sidan den tida har det vore arrangert ei rekkje møte, og mange avtalar har blitt inngåtte. Målet er å utvikle verda i ei meir berekraftig retning. Det kan du finne ut meir om i lysbiletserien under:

Læringsressursar

Berekraftig framtid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter