Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Økologi – samspelet i naturenChevronRight
  5. Samandrag – Økologi – samspelet i naturenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Økologi – samspelet i naturen

Jordkloden og mange arter. Illustrasjon.
  • Økologi er læra om samspelet mellom dei levande organismane og miljøet dei lever i.
  • Naturen består av levande (biotiske) og ikkje-levande (abiotiske) delar.
  • Eit økosystem er ein naturtype med organismar tilpassa eit bestemt naturmiljø.
  • Vi bruker omgrepet økologisk nisje om det biotiske og abiotiske miljøet som ein art treng for å leve.
  • Vi deler dei biotiske faktorane inn i tre grupper: produsentar, konsumentar og nedbrytarar.
  • Næringsstoffa blir overførte frå ein organisme til neste organisme. Ei slik rekkje av organismar blir kalla ei næringskjede.
  • Vi kallar kvart ledd i næringskjeda eit trofisk nivå.
  • Eit næringsnett er summen av fleire næringskjeder.
  • Energi og stoff beveger seg gjennom økosystemet på ulike måtar. Stoff blir brukte på nytt i krinsløp, men energi må stadig bli fylt på i form av sollys.

Læringsressursar

Økologi – samspelet i naturen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter