1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Økologi – samspelet i naturenChevronRight
  5. Øvingsoppgåver - Repetisjon om økologiChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Øvingsoppgåver - Repetisjon om økologi

Etter ungdomsskolen skal du kunne gjere greie for kva slags biotiske og abiotiske faktorar som inngår i eit økosystem, og forklare samanhengen mellom dei. Desse oppgåvene er til hjelp for å friske opp denne kunnskapen.

Tegning, plansje med oversikt over arter i havet.
Økosystem – næringsnett

Økosystem - næringskjeder - næringsnett - krinsløp

  1. Kva er eit økosystem?
  2. Kva slags delar finn vi alltid i eit økosystem?
  3. Kva slags biotiske faktorar (levande delar) finn vi i økosystema?
  4. Nemn 5 abiotiske faktorar (ikkje levande delar) som påverkar livet i eit myrtjern.
  5. Prøv å finn 4 abiotiske faktorar som kan påverke kva slags planter som kan leve i torvlaget på ei myr.
  6. Planter kallast produsentar, og dyr kallast konsumentar. Kvifor?
  7. Kva meines med den økologiske nisjen til ein art?
  8. Forklar kva som meines med ei næringskjede.
  9. Gjennomfør den interaktive oppgåva om antarktisk næringsnett dersom du ikkje har gjort det tidlegare.
    La oss tenkje oss at nokon av organismane i næringsnettet forsvinn. Kva vil det bety for heile systemet?
    1. Kva trur du vil skje om spekkhoggaren blir utrydda?
    2. Kva ville skje om fiskebestanden blei så redusert gjennom fiske at fisk ikkje lenger var ein del av næringsnettet?
    3. Kva ville skje om algane forsvann?
    4. Kva slags scenario ville påverka flest organismar?
  10. Vi seier at stoffene går i eit opent krinsløp, mens energien går i eit lukka krinsløp. Kva er forskjellen?

Læringsressursar

Økologi – samspelet i naturen

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter