Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Økologi – samspelet i naturenChevronRight
  5. Økologi og økosystemChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Økologi og økosystem

Økologi er læra om samspelet mellom dei levande organismane og miljøet dei lever i. Naturen består av levande og ikkje-levande delar.

Levande og ikkje-levande

Dei levende delane blir kalla biotiske faktorar og er alle dei levande organismane slik som planter og dyr. Dei ikkje-levande delane blir kalla abiotiske faktorar og er for eksempel temperatur, klima og vatn. Desse utgjer det miljøet artane lever i.

I økologien studerer vi korleis organismane påverkar kvarandre, det biotiske miljøet, og korleis organismane påverkar og blir påverka av det ikkje-levande, abiotiske, miljøet dei lever i.

Vi deler inn naturen i ulike økosystem

Eit økosystem er ein naturtype med organismar tilpassa eit bestemt naturmiljø. Det er stor avhengigheit og gjensidig påverknad mellom dei ulike organismane og mellom organismane og miljøet innan det same økosystemet. Mellom ulike økosystem er det mindre som knyter organismane saman. Eit økosystem blir dermed ein naturtype som blir kjenneteikna av bestemte organismar og miljøforhold.

Eksempel på ulike økosystem kan vere innsjø, myr, skog, fjell, fjære osv. Kvar av desse kan igjen delast opp meir detaljert, for eksempel i barskog og lauvskog. Desse kan også delast inn i fleire typar ut frå ulike miljøforhold som klima, næringsforhold i jorda, tilgang på vatn osv. På denne måten får vi mange forskjellige økosystem som dannar grunnlaget for eit stort naturmangfald.

Læringsressursar

Økologi – samspelet i naturen