Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Berekraftig utvikling

Alle vil leve gode liv – både vi som lever i dag, og dei som kjem etter oss. Viss det skal bli mogleg, må vi forvalte dei ressursane naturen gir oss, på ein god måte. Det blir enklare om vi forstår korleis vi menneske påverkar naturen: både dyr og planter, vatn og luft, jord og mineral.

Gate i by der bygniner og trær går i hverandre. Grafikk.

Berekraftig utvikling – vi fiksar framtida!

Læra om samanhengar i naturen blir kalla økologi. Det er viktig å forstå desse samanhengane når vi skal planleggje for ei utvikling som er berekraftig. Det er ikkje alltid så lett å sjå korleis det å kjøpe ein ny mobiltelefon heng saman med utvinning av mineralressursar, global oppvarming, livet i havet og lokal forureining, for å nemne noko. I naturfag skal du lære om mange ulike emne som alle heng saman med berekraftig utvikling.

Landa i verda må jobbe saman for at vi skal kunne få ei berekraftig utvikling. Likevel er det mykje vi som enkeltindivid og lokalsamfunn kan gjere. Du skal få høve til å finne ut kor berekraftig du er, korleis du kan påverke utviklinga med forbruket ditt, og korleis du kan delta i samfunnsdebatten med solide argument.

Saman fiksar vi framtida!

Emner

Berekraftig utvikling

  • I feltarbeidet skal du undersøkje og skildre suksesjonsprosessar i eit økosystem. Her finn du forslag til korleis ein kan gjennomføre feltarbeidet i fleire typar økosystem.

  • Somme år er det mange lemen på fjellet. Andre år ser du nesten ingen lemen på fjellturen. Kvifor er det slik?

  • Berekraftig utvikling handlar om å ta vare på dei ressursane vi har, slik at alle, dei som lever no, og dei som kjem etter oss, kan leve gode liv.

  • Forbruk

    Forbruket vårt bidreg til store miljøpåverknader og auka klimagassutslepp. For å kunne få ei berekraftig utvikling må også forbruket vårt bli berekraftig.

  • Kortfilmen «Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha» er ein fiksjonsfilm retta mot ungdom, der alt er basert på klimaforsking. Oppgåver og aktivitetar.