Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. Forsøk og rapportskrivingChevronRight
  5. Forsøk: Fotosyntese og celleanding – dataloggingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

I dette forsøket skal du bruke ein dataloggar og lære om fotosyntese, celleanding, pH og karbondioksid løyst i vatn.

Logger med tilkoblede følere og forsøksglassene. Foto.
Dataloggar med følarar – heile forsøksoppsettet.

Målsetjing

Målet med denne elevøvinga er å lære om

  • samanhengen mellom lysmengd og fotosynteseaktivitet
  • samanhengen mellom pH og oppløyst CO2-mengd i vatnet
  • moglegheitene som dataloggarutstyr gir oss

Bakgrunnsteori

Før du gjer dette forsøket, bør du vite at:

  • Grønt bad med gassbobler på overflaten ligger i vann. Foto.
    Gassbobler på blad.
    karbondioksid (CO2) løyst i vatn gir ei svak syre – karbonsyre:
    CO2 + H2O ↔ H2CO3
  • CO2 blir teke opp og brukt ved fotosyntese
  • CO2 blir skilt ut ved celleanding

Utstyr

  • Ledninger koblet til loggeren. Foto.
    Portar på ein dataloggar med sensorar kopla til.
    dataloggar med følarar (sensorar) for lys og for pH (2 stk.)
  • datamaskin med program for å tolke data frå loggaren
  • to store begerglas
  • akvarieplante (forsøket kan fungere med blad frå enkelte potteplantar)
  • Farris eller liknande som sørgjer for ar det er nok CO2 i vatnet
  • vindaugskarm med dagslys eller kunstig plantelys

Framgangsmåte

  1. Aparat med flere knapper og display. Foto.
    MultiLog – ein type datalogger.
    Fyll vatn i begge begerglasa, og tilset ei lita mengd Farris for å sikre at det er nok CO2 i vatnet. 10 ml kan vere nok.
  2. Plasser begerglasa i vindaugskarmen eller ved ei kunstig lyskjelde.
  3. Kople ein lysfølar og to pH-følarar til dataloggaren, og gjer dei nødvendige innstillingane for at loggaren skal vite kva sensor som er kopla til kva port.
    1. Kor ofte skal det målast?
      Kvart tiande minutt kan vere passande for denne øvinga.
    2. Kor mange målingar skal takast?
      Viss du har moglegheit til å la forsøket stå i eitt døgn, blir det 144 målingar, og på to døgn får du 288 målingar. Vel det talet på målingar som ligg nærast og over det du treng. Logginga kan stoppast når som helst, så det gjer ingenting om du skriv inn fleire enn du treng.
    3. Du treng ikkje bruke nokon triggarfunksjon ved dette forsøket.
  4. To pH-målinger synlige.
    To målingar er synlege i vindauget på denne loggaren.
    Legg lysfølaren i vindaugskarmen, og skyl av pH-elektrodane før du set dei i begerglasa.
  5. Viss pH-elektrodane er riktig kalibrerte og har "friske" membranar, skal dei no vise same pH. Det kan vere lurt å sjekke dette før du legg planten i det eine begerglaset.
  6. Legg akvarieplanten i det eine begerglaset.
  7. Start loggaren.
  8. Når du avsluttar forsøket, må loggaren stoppast.
  9. Kople loggaren til datamaskinen, og last ned målingane.

Forsøksrapporten

  • Grafer og tabeller. Illustrasjon.
    Graf frå fotosynteseforsøk over to døgn: lys og pH-måling med og utan plante.
    Grafane må tilretteleggjast, tolkast og leggjast ved.
  • Prosessane som skjer i vatnet og i planten påverka av lys og i mørke, må inngå i rapporten.
  • Kva nytte hadde du av kontrollglaset utan plante?
  • Fann du ut noko som har relevans for drivhuseffekten?
  • Er det feilkjelder her, og korleis kan du eventuelt minimere desse?

Dette forsøket kan du sjå i siste del av denne videoen om datalogging.

Læringsressursar

Forsøk og rapportskriving

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Å lage nakne egg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Val av drikkebeger

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff