Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. Forsøk og rapportskrivingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Tryggleik i laboratoriet

Før du kan gjennomføre eksperiment på laboratoriet, må du gjere nokre førebuingar. Først og fremst må du vere kjend med tryggleiksreglane. Deretter må du blant anna setje deg inn i og planleggje framgangsmåten, skaffe nødvendig utstyr og kjemikaliar og kartleggje variablar og moglege feilkjelder.

Laboratoriet byr på spanande aktivitetar

En gutt og jente arbeider på laboratorium med vernebriller. Foto.

Å arbeide i eit laboratorium er spanande, men kan også vere farleg viss du ikkje har oversikt over kva du skal gjere. Nokre kjenner nyfikna krible når dei kjem inn i eit laboratorium, andre synest det er litt skummelt med alt utstyret og farane som lurer. Når du blir kjend med utstyret og veit korleis det skal handterast, blir det lettare å jobbe, og meir interessant og morosamt.


Laboratoriereglar

Det er viktig å tenkje på tryggleik og orden når du arbeider i eit laboratorium. Det er mange klassar som bruker rommet i løpet av ei veke, og viss ordensreglane ikkje blir følgde, blir det raskt ein rotete og upraktisk arbeidsplass. Av omnsyn til tryggleiken til deg og andre, er det viktig at du og medelevane dine berre gjer dei forsøka som læraren har godkjend og gitt dykk.

Arbeidsbenk med overskap. Foto.
Eksempel på ordensreglar
Følgjande skal gjennomførast før du forlèt laboratoriet
  1. Vask alt utstyr etter bruk.
  2. Kompletter utstyr i skap og skuffer.
  3. Rydd og vask benk, vask og avtrekksskap.
  4. Sorter avfall:
    • Glas: i eigen behaldar for glasavfall
    • Brannfarleg avfall: i raud metallkonteiner
    • Risikoavfall (kjemikaliar, tungmetall, blodrestar): må leverast til lærar
    • Resten: i søppelbøtta eller tømmast i vasken

Interaktiv video med oppsummeringstest om tryggleik i laboratoriet

Interaktiv video med oppsummeringstest om tryggleiksdatablad

Læringsressursar

Forsøk og rapportskriving

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Å lage nakne egg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Val av drikkebeger

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff