1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. Forsøk og rapportskrivingChevronRight
  5. RapportskrivingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Rapportskriving

Naturvitskaplege rapportar er ein eigen sjanger med faste punkt og eit presist språk. Dette gjer at rapporten blir oversiktleg og inneheld nok informasjon til at forsøket kan kopierast av andre med same bakgrunn som deg. Her får du rettleiing i å skrive ein forsøksrapport steg for steg.

Elever gjør forsøk på laboraoriet. Foto.

Korleis skrive ein naturfagsrapport?

I all skriving er det viktig å vite kven ein skriv for. Når du skriv rapportar i naturfag, må du tenkje deg at du skriv for ein annan elev som kan omtrent like mykje som det du gjer. Hugs at du også kan bruke rapporten til repetisjon eller til førebuing før eksamen. Då bør du tenkje på kva opplysningar som er viktige for at du skal få fram viktige poeng ved ein eksamen.

Sjå ei enkel rapportmal. Punkta nedanfor bør vere med i rapporten.

Rapportmal. Skjermdump.
Interaktiv rapportmal

Namn, klasse og dato

Skriv ditt eige namn og namna på dei du eventuelt har samarbeidd med.

Overskrift/tittel på elevøvinga

Overskriften skal vere kort og beskrive kva forsøket går ut på.

Innleiing

Hensikt

Her gjer du kort greie for kva du vil oppnå ved å gjere forsøket.

Bakgrunnsteori

Denne delen av rapporten gjer det lettare å knyte saman teoretiske kunnskapar og praktiske erfaringar. Beskriv bakgrunnskunnskap som er naudsynleg for å forstå dette forsøket.

Her kan det vere aktuelt å skrive inn kjende reaksjonar som du vil nytte i forsøket, som for eksempel at jod fargar stive blå. Reaksjonslikningar og figurar bør nummererast slik at du kan vise til dei under drøftinga seinare i rapporten.

Desse opplysningane kan du finne i forsøk du har gjort tidlegare, på NDLA, i lærebøker og i ulike nettressursar som du stoler på. Du kan også leggje inn lenker til meir utfyllande lærestoff, men ikkje omtal resultata frå forsøket ditt her. I somme forsøk er det ikkje naudsynleg å skrive bakgrunnsteori.

Hypotese

Du kan lage ein eller fleire hypotesar om kva du trur vil komme til å skje i forsøket. Hypotesen skriv du som ein påstand og som ei kvalifisert gissing basert på tidlegare erfaringar og kunnskapar. Hypotesen må skrivast slik at han kan testast med eksperiment. Resultat frå eksperimenta vil avgjere om hypotesen blir forkasta eller akseptert.

Oppstilt utstyr og kjemikalium klart til kjemiforsøk. Foto.
Utstyr og kjemikalium oppstilt og klart til forsøk.

Utstyr

Lag ei liste over utstyr og kjemikalium som du nytta. Skisse eller fotografi av forsøksoppsettet bør også vere med.

Metode/framgangsmåte

  • Eit lag med hud blir rive av ein raudlauk.
    Eksempel på eit bilete som viser delar av framgangsmåten: «Det tynne hudlaget på ein raudlauk blei drege av ved hjelp av ein pinsett.»
    Beskriv det som blei gjort. Skriv gjerne punktvis, då det gir god oversikt.
  • I metodedelen skal du skrive upersonlig i passiv form og i fortid, slik: «Løysinga blei tilsett 5 ml 0,5 M HCl.»
  • Språket skal vere presist, objektivt og nøkternt utan vurderingar eller omtale av resultat.
  • Forsøket skal vere så detaljert beskrive at ein som ikkje har vore med på det, kan utføre det ved å følgje beskrivinga di. Men ikkje ha med sjølvsagte detaljar som: «Eit begerglass blei henta frå skapet» og «Gassbrennaren blei tent med ei fyrstikk».
  • Bilete og figurar kan gi viktig tilleggsinformasjon til teksten. Bruk kamera eller mobiltelefon til å dokumentere forsøket.
  • Figurar og tabellar skal vere nummererte og ha ein tekst som fortel kva figuren/tabellen viser eller inneheld.

Resultat og observasjonar

  • Forsøksresultat. Illustrasjon.
    Eksempel på graf og tabell over forsøksresultat.
    Beskriv det du målte, såg, høyrde, lukta og kjende, gjerne punktvis.
  • Du skal ikkje meine noko eller vurdere resultata her.
  • Eventuelle målingar bør inn i ein tabell og framstillast som ein graf. Tabellar og figurar bør ha figurnummer og forklarande tekst til.
  • Bruk mobilkamera til å ta bilete av resultat og av observasjonar i blant anna mikroskop og lupe.
  • Du bør også ta med eventuelle utrekningar og reaksjonslikningar for kjemiske reaksjonar.

Drøfting og feilkjelder

  • Laukceller med rosa og grøne fargenyansar. Mikroskopbilete.
    Eksempel på mikroskopbilete av laukhud teke med mobilkamera.
    Drøftinga er kanskje den viktigaste delen av rapporten. Her skal du sjå kritisk på resultata og vurdere objektivt om dei er til å stole på.
  • Forklar resultat og observasjonar med utgangspunkt i det du skreiv i teoridelen.
  • Vis til nummererte figurar, reaksjonslikningar eller formlar.
  • Beskriv moglege feilkjelder, og vurder korleis feila har påverka resultatet.
  • Kva kunne eventuelt vore gjort annleis for å unngå feilkjeldene? Vurder kvifor forsøket eventuelt ikkje gjekk som venta.

Konklusjon

Når du trekkjer konklusjonar, må du gå tilbake til innleiinga. Ta utgangspunkt i det du har skrive om hensikt og hypotese. Du skal kort og konkret slå fast kva forsøket viser. To til tre setningar kan vere nok.

Kjelder/referansar

Oppgi kjeldene du har brukt, som fotnotar med tilvisingar til nettsider, bøker eller tidsskrift. Før opp forfattar/opphav, tittel …, URL, årstal og eventuelt forlag og sidetal. Sjå tips hos Kildekompasset.

Bruk rapportgeneratoren når du fører forsøk på PC.

Du får eit ryddig oppsett som du kan laste ned på eigen PC.

Rapportgenerator. Skjermdump.
Rapportgenerator
Då kan du
  • leggje inn bilete av forsøksoppsett og resultat som du har teke med mobiltelefon eller digitalt kamera
  • lage tabellar og grafar på rekneark, Geogebra eller i andre program for å illustrere forsøksresultata
  • levere rapportane digitalt

Læringsressursar

Forsøk og rapportskriving

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Å lage nakne egg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Val av drikkebeger

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff