Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. Forsøk og rapportskrivingChevronRight
  5. Samandrag – Forsøk og rapportskrivingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samandrag – Forsøk og rapportskriving

Når du skal jobbe i felt og i laboratorium, eller presentere resultat frå undersøkingane dine, kan du ha god bruk for dei råda du finn her.

En skjeggete man på et rotete laboratorium. Foto.
  • Lukka forsøk – du følgjer ei bestemt oppskrift der kjende teoriar skal etterprøvast.
  • Opne forsøk – du må sjølv identifisere variablar, velje og vurdere metodar.
  • Framgangsmåte i opne forsøk:
    • problemstilling
    • hypotese
    • planlegging – materiale og metode
    • gjennomføring av forsøket – samling av data
    • vurdering av resultat (drøfting av moglege feilkjelder)
    • forbetring av metoden og eventuelt ny gjennomføring
    • konklusjon
    • dokumentasjon og formidling
  • Sikkerheit i laboratoriet:
    • Førebuingar før du startar eit forsøk: Set deg inn i framgangsmåte og sikkerheitsreglar knytte til utstyr og kjemikaliar.
    • Av omsyn til di eiga og andre si sikkerheit er det viktig at du og medelevane dine følgjer sikkerheitsreglar og berre gjer dei forsøka som læraren har godkjent.
    • Bruk verneutstyr tilpassa forsøket: vernebriller, lab-frakk, hanskar og avtrekksskap.
    • Ordensreglar: reingjer utstyr og benkar, set utstyr på plass og sorter avfall
  • Rapportar i naturfag bør innehalde bestemte punkt:
    • namn, klasse og dato, overskrift/tittel på elevøvinga
    • innleiing (hensikt, bakgrunnsteori og hypotese)
    • materiale og metode (utstyr og framgangsmåte)
    • resultat
    • drøfting og feilkjelder
    • konklusjon
    • kjelder og referansar
  • Digitale verktøy gir nye og mange moglegheiter for læring, dokumentasjon og innsamling av data i naturfaget:
    • Digitale kart kan brukast til undersøkingar, førebuingar til feltarbeid og til registrering av funn.
    • Tallause appar for mobiltelefonar kan brukast i naturfagundervisninga.
    • Mobilkameraet er nyttig til dokumentasjon av forsøk og feltarbeid.
    • Dataloggarar mogleggjer rask automatisk innsamling av data som kan presenterast med grafiske framstillingar.
    • Dataloggarar kan registrere svært raske endringar (fleire målingar per sekund) og gjere målingar over lang tid (gjennom fleire døgn).

Læringsressursar

Forsøk og rapportskriving

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Å lage nakne egg

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Val av drikkebeger

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff