Hopp til innhald

  1. Home
  2. Naturfag PåbyggChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbreddeChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Forsøk

Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

Innleiing

Ei kule ligg på eit skråplan. Illustrasjon.
Skråplan

Alle målingar er usikre. Det kan vere feil på måleapparatet, eller ein kan lese feil av. Slike feil kallar vi systematiske feil. I tillegg kjem den såkalla statistiske feilmarginen. Feilmarginar kjem av at vi ikkje greier å gjere målingane våre heilt nøyaktig likt frå gong til gong.

I dette forsøket skal du ta tida på ei kule som å triller ein gitt avstand, framstille resultatet grafisk og oppgi måleusikkerheit.

Når vi har mange målingar, kan vi angi feilmarginen på denne måten:

Gjennomsnittsverdien ± halve variasjonsbreidda

Gjennomsnittsverdien fortel oss kva som er sentrum i talmaterialet frå målingane. Variasjonsbreidda er skilnaden mellom det største og det minste talet, og fortel om korleis tala er spreidde. Halve variasjonsbreidda, i prosent av gjennomsnittstalet, kallar vi ofte den relative feilmarginen.

Hensikt

Få erfaring med måleusikkerheit og korleis du kan presentere den.

Utstyr

Gardinskjene, stålkule, stoppeklokke, geogebra, regneark eller millimeterpapir til grafisk framstilling

Framgangsmåte

  1. Legg den eine enden av skjena på eit par bøker slik at kula trillar ned av seg sjølv på eit par sekund.
  2. Merk av start- og stoppunktet.
  3. Bruk stoppeklokke og ta tida for 50 trilleturar..

Resultater og observasjonar

  1. Før tidene inn i ein tabell.
  2. Gjennomsnittsverdien er:
  3. Variasjonsbreidda er:
  4. Kula brukte denne tida:
  5. Den relative feilmarginen vart:
  6. Framstill resultata i eit stolpediagram. Del talområdet (variasjonsbreidda) inn i 5-10 intervall, og finn talet på målingar i kvart intervall. Alle intervalla må vere like store.

Drøfting av resultat og konklusjonar

  1. Kor mange prosent var den relative uvissa?
    Hadde du klart å måle tida nøye?
  2. Korleis fordelte resultata seg i stolpediagrammet?

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter