1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. Måling, storleikar og einingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måling, storleikar og einingar

Vi bruker måling i alle moglege samanhengar. Nokre gonger er det greitt med eit omtrentleg mål, men ofte er det viktig at målinga er nøyaktig og påliteleg. Vi kan vel aldri vere 100 prosent sikre på at målinga er korrekt, men vi må vite kva for feilmarginar vi opererer med.

Målingar

Tom skålvekt mot blå bakgrunn. Foto.
Når skålvekta er i likevekt, har massane på kvar skål same tyngde, og då har dei også same masse.

Å måle betyr å finne ei eller anna talbeskriving av det som skal målast. Teljing er truleg den eldste forma for måling, og antakeleg den målemetoden vi lærer først og bruker mest.

Lenge før vår eiga tidsrekning oppstod behovet for å måle landareal og omfanget av avlingar. Teikningar av ei skålvekt er funne i fleire tusen år gamle egyptiske skrifter. Slike vekter blei truleg brukte til å vege edelsteinar, frø og korn. Her i landet har skålvekta vore i bruk i over tusen år.

Alt kjøp og sal føreset at partane er einige om korleis mengde skal målast og verdi bereknast. Då er det ein stor fordel med standardiserte målemetodar og måleeiningar.

Storleikar og einingar

Har du nokon gong tvilt på at vekta er riktig, blitt forvirra når ein avstand blir oppgitt i engelske miles, eller ein storleik blir oppgitt i tommar? Det er heller ikkje så lett å vurdere kva det vil seie at det er 12° Fahrenheit ute, dersom du berre er kjend med celcius-grader.

Behovet for å ha samanliknbare måle-einingar er openberr, og vi forventar at ein kilo er like mykje alle stader. Takka vere internasjonalt samarbeid fekk vi i 1875 , som sikrar lik forståing og definisjon av sju grunnmåleeiningar baserte på det metriske målesystemet. Tre av desse kjenner du godt: kilogram (kg) for masse, meter (m) for lengde og sekund (s) for tid.

Her i landet er det Justervesenet som har ansvaret for at SI-systemet blir etterfølgt, og for å kontrollere og justere måleinstrumenta, slik at ein kilo er like mykje uansett kor vi handlar.

Skilt, fartsgrense 50 km/t. Foto.
Eit måltal, som på dette skiltet, gir først meining saman med ei måleeining. Her er det underforstått at måleeininga er km/t.

Fysisk størrelse = måltal • eining

Kvar einaste dag les vi av eit eller anna måleinstrument. Vi les av temperatur på termometeret, masse på badevekta, tid på klokka og fart på speedometeret. Det du les av, er eit måltal – ein fysisk storleik. For at måltalet skal gi meining, må vi føye til måleeininga.

Det som står på skiltet, er eit måltal. Eininga (måleeininga) er underforstått kilometer per time med symbolet km/t. Fartsgrensa er altså 50 × km/t. Multiplikasjonsteiknet viser at det eigentleg er eit produkt, men det bruker vi ikkje å skrive.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Forsking

  • LearningPath

    For godt til å vere sant?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modellar

  • SubjectMaterialFagstoff

    Store og små tal

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Rollespel – debatt: interessekonfliktar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Utfordring: motorsykkeldekk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva trur du om årsaker til klimaendring?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – vurdering av informasjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mål tida mellom to knips

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff