Hopp til innhald

  1. Home
  2. NaturfagChevronRight
  3. ForskarspiraChevronRight
  4. ForskingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Rollespel – debatt: interessekonfliktar

Dette undervisningsopplegget er organisert som eit rollespel der mange aktørar legg fram argumenta sine i eit folkemøte. Opplegget er brukt på Vg1 naturfag med elevar frå naturbruk, men kan tilpassast andre trinn og fag.

Elevgruppe i rollespill med debatt. Foto.

Organisering

Vel tema som de har eit forhold til, som er aktuelle i media, og gjerne tema som skaper debatt lokalt. Førebu debatten ved å lese og samle avisutklipp og nettartiklar som kan belyse sakene og rollene.

Eksempel på tema som er brukte i dette rollespelet

  • Villaks – oppdrettslaks
  • Rovdyr – beitedyr
  • Utbygging av Trongfossen
Bilde av tre skjema. Skjermdump.
Når skjema som dette blir vist på storskjerm, kan alle delta i å føreslå aktuelle roller og fordele dei mellom seg. Under debatten kan læraren bruke skjemaet til å ta notat med tanke på evaluering.

Roller

Når tema er valt, kan elevar og lærar i fellesskap føreslå roller som er aktuelle meiningsberarar i denne saka. Skriv rollene inn i skjemaet som blir vist på storskjerm. Nå kan du ønskje deg ei rolle som du vil ha i denne debatten. Når alle har fått rollene sine, kan førebuingane starte.

Førebuingar og gjennomføring

Rollene kan fordelast nokre dagar før sjølve debatten, men 30 minutt fra byrjinga av ein dobbelttime kan også vere nok til at alle får førebudd seg. Om tema er kjent på førehand, kan læraren og eventuelt bibliotekar samle avisutklipp og leite fram aktuelle artiklar på Internett, som kan brukast til førebuinga.

  • Ordstyrar skal førebu innleiing til debatten, styre debatten og avslutte med ei oppsummering.
  • Du må setje deg inn i kva meiningar og argument rollefiguren din står for, og førebu eit innlegg. Du må halde deg til den rolla under heile debatten, og bidra med saklege argument.
  • Plasser borda i ring og fest store ark med rollene påskrivne framfor kvar deltakar, slik at rollene er synlege for alle.
  • Læraren er observatør og tek notat frå debatten.
Engasjerte elever
Debatt med roller som engasjerer elevane.

Erfaringar frå gjennomført debatt

Dette opplegget vart gjennomført i naturfagtimar på Vg1 ved Grong vidaregåande skule hausten 2014 med elevar frå naturbruk og landslinja i sportsfiske.

Elevane imponerte! For læraren var det fascinerande, underhaldande og lærerikt å sitje på sidelinja og følgje med på innleving og argumentasjon. Enkelte elevar gjekk så grundig inn i rolla at dei til og med la om dialekten. Engasjementet var så stort at det var overflødig å bytte tema i dobbelttimen. Elevane meinte sjølve at dette var svært lærerikt, så vi gjentok opplegget med nytt tema og nye roller seinare.

Evaluering

Både klasse og enkeltelevar på Grong fekk munnleg tilbakemelding etter debatten.

Rollespill med debatt i klassen. Foto.

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

  • LearningPath

    Forsking

  • LearningPath

    For godt til å vere sant?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Utfordring: motorsykkeldekk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kva trur du om årsaker til klimaendring?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Debattoppgåve – vurdering av informasjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Mål tida mellom to knips

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fysiske målingar og variasjonsbredde

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff