Hopp til innhald

Fagstoff

Dogmefilm

Dogmefilmane ønsker å vere ei motvekt til kommersiell filmindustri og blir laga med enkelt utstyr. Handlinga går føre seg på éin stad og utan at vi flyttar oss i tid.
Fem menn i dress blir fotograferte og held kvar sin filmstatuett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein dogmefilm?

Dogmefilm er eit konsept som vart introdusert i 1995 av ei gruppe danske filmregissørar som kalla seg Dogme 95. Dei mest kjende dogmefilmane er Festen (Thomas Vinterberg) og Idiotane (Lars von Trier).

Dogmemanifestet

Gruppa ønskte å skape ei motvekt mot kommersialiseringa og fokuset på effektmakeri i film. For å oppnå dette laga dei ei rekke reglar som skulle sikre at filmane vart enkle, og som regissørane måtte skrive under på.

Dei ti reglane er først og fremst stilmessige retningslinjer. Sjølv om fleire dogmefilmar, slik som Festen og Når nettene blir lange, handlar om forhold i den nære familien, er det ikkje slik at ein dogmefilm må handle om nære relasjonar.

Ti reglar som regissørane skal følge

  1. Opptak må gjerast på staden. Ein må ikkje hente rekvisittar. (Dersom ein treng ein spesiell rekvisitt for historia, må innspelingsstaden leggast dit denne tingen finst.)
  2. Lyden må aldri takast opp separat frå bileta – eller omvendt. (Musikk kan ikkje brukast med mindre han blir spelt inn på opptaksstaden.)
  3. Kamera må haldast i handa. Alle rørsler som kan gjerast med hendene, er tillatne. (Ingen opptak må finne stad der kamera står – opptaka må skje der innhaldet i filmen går føre seg.)
  4. Filmen må vere i fargar. Spesiallys / kunstig lys er ikkje tillate. (Dersom det er for lite lys for opptak, må ein utelate scenen eller bruke ei enkel lampe på kameraet.)
  5. Optiske effektar og filter er forbode.
  6. Filmen må ikkje innehalde overflatisk action. (Mord, våpen og liknande må ikkje vere med.)
  7. Forskyvingar i tid og geografi er forbode. (Det vil seie at filmen må gå føre seg her og no.)
  8. Sjangerfilm er ikkje akseptert.
  9. Filmformatet må vere Academy 35 mm.

  10. Regissøren må ikkje krediterast.

Idiotane (1998)

I den danske dogmefilmen Idiotane blir vi kjende med ei gruppe unge vaksne som bestemmer seg for å spele idiotar, og møtet deira med eigne og andre sine fordommar. I dette klippet vender Karen heim til foreldra sine, men det går ikkje så bra.

Festen (1998)

I Thomas Vinterberg sin film Festen (1998) møter vi ein familie som samlar seg for å feire 60-årsdagen til husfaren. Stemninga er god heilt til den eldste sonen held tale. Han fortel om ein barndom med massive seksuelle overgrep.

Norsk dogmefilm

Mona Hoels Når nettene blir lange (2000) blir rekna som den første heilaftans dogmefilmen i Norge. Vi møter ein storfamilie på veg til julefeiring på fjellet i ei leigd hytte. Konfliktane kjem raskt til overflata med mamma, pappa og fire vaksne born med kvar sin familie, ein hund og svigerfamilie frå Polen. Det heile blir ikkje betre når det blir for mykje av juledrammen.

Fleire personar samla i eit lite, trongt rom med tømmervegger. Nokre sit ved eit matbord, mens andre står eller beveger seg ved bordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Lars von Trier sin film Idiotene er eit klassisk eksempel på ein dogmefilm. Her skal du analysere scenen der Karen vender heim.

CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Læringsstiar