Hopp til innhald

Fagstoff

Film noir

Filmsjangeren film noir var poulær i USA på 1940-talet. Eit kjenneteikn på filmar som høyrer til denne sjangeren, er low-key lyssetjing som skaper sterke kontrastar mellom lys og mørkre. Filmane er ofte baserte på detektiv-historier og skildrar personar og hendingar på skuggesida av samfunnet.
Svart og kvitt bilete av kvinne og mann med hatt og frakk i ei mørk gate. Foto.

40-talsfilm

Direkte omsett frå fransk tyder film noir ”mørk film”. Dette er ein filmsjanger som hadde storheitstida si i USA på 1940-talet, men med viktige referansar til europeisk førkrigsfilm. Mykje av den same estetikken finn vi i ekspresjonistiske filmar frå 1920- og 30-talet. Grunnen til det er at fleire tyske filmregissørar flytta til USA på 1930-talet, og dei tok med seg den visuelle forteljarstilen.

Sams for filmane i denne sjangeren er såkalla low-key lyssetjing, som er kjenneteikna av tydelege skilje mellom lys og mørkre. Eit anna trekk er at mange av filmane hentar handlinga frå detektivhistorier eller historier som på eit eller anna vis handlar om lovbrot.

"Den tredje mann"

Eit døme er Den tredje mann, regissert av Carol Reed i 1949. I denne filmen er handlinga lagt til Wien nokre få år etter 2. verdskrigen. Holly Martins freistar å finne opplysningar om venen sin, Harry Lime, som etter det som blir sagt, er drepen i ei bilulukke. Martins oppdagar at det er mykje som ikkje stemmer, og han blir detektiven i forteljinga. Når han freistar å finne ut kva som eigentleg skjedde med til Harry Lime, endar Martins opp i kloakksystemet under Wien. Vi får sjå ei rekkje fine filmatiske scener, der regissøren utnyttar samspelet mellom lys og skuggar.

Eksempel

Studentar ved Högskolan i Malmö har forsøkt å bruke low-key lyssetting i eksamensfilmen Conscientia .

Synest du dei har lykkast med denne filmen?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 16.06.2017

Læringsressursar

Læringsstiar