Hopp til innhald

Fagstoff

Surrealistisk film

Surrealistane var inspirerte av psykoanalysen. Draumane avslører det undermedvitne som styrer liva våre. Surrealistiske biletkunstnarar og filmkunstnarar la vekt på det absurde og det sjokkerande. Mange skrekkfilmar har surrealistiske trekk.
I ei handflate er det teikna eit ope menneskeauge. I handa kravlar det maurar med store menneskeauge. Fotokollasj.

Inspirert av psykoanalysen

Surrealisme er ei kunstretning som for alvor slo gjennom på 1920-talet. Surrealistane forkasta den medvitne kunstproduksjonen og ville i staden ta utgangspunkt i det umedvitne som inspirasjon i kunsten. Surrealismen var inspirert av psykoanalysen slik han blei utvikla av Sigmund Freud og elevane hans. Freuds psykoanalyse legg stor vekt på rolla dei umedvitne prosessane speler for utviklinga av personlegdommen.

Den amerikanske kunstnaren Emmanuel Radnitzky, betre kjend under kunstnarnamnet Man Ray, er først og fremst blitt kjend for å ha vore med på å revolusjonere fotografiet i første halvdelen av 1900-talet. Man Ray regisserte òg fleire kortfilmar som kan knytast til stilretninga surrealisme. Ein av desse, L'Étoile de Mer (1928), har eit filmatisk uttrykk som fint kunne ha vore brukt i moderne musikkvideoar.

Den mest kjende skrekkscena i filmhistoria

Den meste kjende surrealistiske filmen er Ein andalusisk hund (Un chien andalou). Filmen blei ein stor suksess då han hadde premiere i Paris i 1929. Ein andalusisk hund er laga av Luis Buñuel i samarbeid med målaren Salvador Dalí. Filmen opnar med ei av dei mest kjende skrekkscenene i filmhistoria, der ein ung mann, spelt av Buñuel, kuttar opp auget til ei kvinne med ein skarp kniv. Det dreier seg sjølvsagt om eit enkelt filmtriks, men scena var den gongen eigna til å sjokkere.

Nærbilete av hovudet til ei kvinne. Ein mann held rundt ho bakfra og sperrar opp det eine auget hennar med den eine handa. I den andre handa held han opp ein barberkniv. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Buñuel og Dalí ønskte nettopp å sjokkere det borgarlege samfunnet, samstundes som kunsten deira skulle vere mangetydig og fri for logisk tolking. Filmen inneheld scener som skulle illustrere draumar og det umedvitne. Reint forteljarteknisk er ikkje denne filmen særleg radikal, men han inneheld ei absurd samansetjing av hendingar som til saman blir opplevd som uverkeleg. Etter premieren på Ein andalusisk hund sa Buñuel mellom anna dette: «Eg vil ikkje at filmen skal underhalde dykk, men fornærme dykk. Eg ville vere lei meg dersom de likte filmen.»

Buñuel heldt fram med å arbeide med det absurde. I Borgarskapens diskrete sjarm, som vann Oscar for beste framandspråklege film i 1972, snur han opp ned på eit middagsselskap. Idet gjestene tek plass rundt bordet, set dei seg på kvart sitt toalett, og når dei forlèt bordet, går dei for å ete på det vi elles ville teke for å vere toalettet. Ved å setje kjende objekt inn i uvande situasjonar skaper ein dermed det surrealistiske.

Hitchcocks skrekkfilmar

Vi finn òg surrealistiske innslag i meir tradisjonelle filmar. I Hitchcocks film Spellbound var Salvador Dalí ansvarleg for ein drøymesekvens, som av mange blir rekna for å vere eit av dei beste døma på bruk av surrealisme i film. Biletet viser ei scene frå denne drøymesekvensen, der den mannlege hovudpersonen spring nedover eit skråplan. Desse iscenesette omgivnadene har mykje sams med kulissane som blei brukte av dei tyske ekspresjonistane.

Alfred Hitchcock har på seg svart dress og står med ein kvit måse og ei svart kråke på skuldrene. Svart-kvitt-foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Jon Hoem. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Læringsstiar