Hopp til innhald

Krigsscene der en far bærer sitt døde barn. Plakat.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. MontasjefilmChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Montasjefilm

Montasje tyder å setje saman ulike element til ein ny heilskap. Montasje i film handlar om å setje saman ulike bilete eller lydar for å skape ein bestemt effekt. Montasje som filmatisk verkemiddel blei utvikla i Sovjetunionen på 1920-talet.

Krigsscene der en far bærer sitt døde barn. Plakat.
Filmplakat for filmen Panserkrysseren Potemkin frå 1927

Montasje som filmatisk verkemiddel

Montasje handlar om å oppnå ein bestemt effekt gjennom å setje saman fleire element på ein spesiell måte. Samankoplinga formidlar då ein annan bodskap enn enkeltelementa kvar for seg. Montasje blir brukt i alle medium, men innan film er omgrepet montasje spesielt knytt til teknikkar som blei utvikla av sovjetiske filmskaparar på 1920-talet. Nokre gonger snakkar ein difor om sovjetisk montasjefilm. Det er viktig å streke under at dei same verkemidla blei brukte av andre, men dei sovjetiske filmskaparane var dei som sette dette i system.

Intellektuell montasje og rask klipperytme

Intellektuell montasje vil seie at ein nyttar bilete for å gje uttrykk for abstrakte idear, eit konsept som er kjernen i filmteorien til Eisenstein. Ideen var at to bilete som var sette saman på ein bestemt måte, skulle føre til at tilskodaren kunne tolke seg fram til ei meining som ikkje var representert i dei to opphavlege bileta kvar for seg.

Portrett av ein mann, ein tallerken, ei kvinne og ein død person. Fotomontasje.
Lev Kulesjov viste tidleg på 1900-talet korleis bilete kan setjast saman på mange ulike måtar, og ay vi ut frå samanhengen tillegg dei forskjellige tydingar.

I filmen Oktober (1927) tek Eisenstein steget fullt ut og eksperimenterer med "intellektuell montasje" og rask klipperytme. Vi må heilt fram til dagens musikkvideo-estetikk for å finne døme med like kjapp klipping, eller like mange ulike takingar i minuttet. Filmen er også det beste dømet på Eisensteins montasjeteoriar. Oktober blei sett på som første steg mot framtidsfilmen, men samtidig kritisert for å vere for abstrakt til at vanlege folk kunne forstå han.

Montasje mellom ulike lydar (då særleg effektlyd og musikk) og bilete er også mykje brukt i film. Tenk berre på korleis lyden kan nyttast for å skape ei spesiell stemning.

Jakten – ein norsk montasjefilm frå 1957

Erik Løchens Jakten frå 1957er eit dristig eksperiment med forma i filmforteljinga. Filmen blei nominert i klassen spelefilm i Cannes, og lydarbeidet blei spesielt framheva som nyskapande. I Jakten vender dei tre hovudkarakterane seg nokre gonger direkte til kamera, og dei svarar i samsvar med det kommentarstemma seier. Filmen er eineståande på den måten at han er delt inn i fem akter som kan spelast i vilkårleg rekkjefølgje. Dermed finst det 120 (5 x 4 x 3 x 2 x 1 = 120) moglege, ulike versjonar.

Jakten brukar ein subjektiv innfallsvinkel, der filmen gjer publikum merksame på at dei blir fortalt ein versjon av ei historie. Dette forteljargrepet minner om nokre av dei verkemidla som vi kan sjå i refleksive dokumentarfilmar, men slike grep er lite brukte i spelefilmar, som gjerne følgjer eit klassisk skjema.

I dette klippet frå Jaktenser vi døme på dei nemnde forteljargrepa. Heilt på slutten av klippet ser vi òg eit tydeleg montasjegrep, der klikka frå eit stillbiletkamera blir nytta for å gjere eit skifte i tid og stad i forteljinga.

Filmen Fjellet (offisiell trailer) er eit litt uvanleg filmprosjekt, fordi regissør og manusforfattar Ole Giæver bestemte seg for å produsere filmen på eiga hand. I slike tilfelle ligg det i korta at budsjettet blir stramt, og filmskaparen må utnytte dei fordelane ein enkel produksjon gjev. Giæver leita difor medvite etter ein idé som lét seg realisere med låge kostnader, og enda opp med berre to skodespelarar og ei handling som går føre seg ute (lite behov for kunstig lys).

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale