Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Intertekstualitet i filmar og tv-seriar

Intertekstualitet er eit omgrep som opphavleg kjem frå litteraturvitskapen, og som handlar om korleis tekstar refererer eller hintar til andre tekstar. Innanfor filmvitskapen handlar dette ofte om korleis filmar, eller tv-seriar, refererer til andre filmar frå filmhistoria.
Filmrull og saks. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intertekstualitet

Store norske leksikon[1] forklarer omgrepet intertekstualitet som at ein tekst må bli forstått som ein stad der tekstar kryssar kvarandre. Vidare blir det forklart at du alltid vil finne element frå andre tekstar i ein tekst. Ut ifrå eit utvida tekstomgrep vil andre uttrykksformer enn berre litterære tekstar, også kunne bli forstått som tekstar. Dette kan til dømes vere bilete, reklameplakatar, filmar eller tv-seriar.

Når du som elev skal lage ein film, vil du kanskje hente inspirasjon frå dagleglivet ditt, frå saker som opptek deg eller frå filmar eller tv-seriar du har sett tidlegare. Å vite kva som blir meint med intertekstualitet i filmar og tv-seriar, kan vere ein inspirasjon i dine eigne filmproduksjonar.

Filmar og tv-seriar

Alle filmar refererer i større eller mindre grad til filmar eller tekstar som er laga tidlegare. Nokre gongar er referansane planlagde, og blir aktivt brukt av filmskaparen som eit verkemiddel. I andre høve kan det handle om meir tilfeldige berøringspunkt mellom tekstane.

Det er altså ganske vanleg å sjå bruk av intertekstualitet i filmar og seriar. Døme på dette kan vere korleis ein film siterer ein film som er laga tidlegare, eller at filmen inneheld ein ny versjon av ei kjent scene frå ein annan film. Filmar kan også referere til litterære verk som romanar, eller til religiøse tekstar, slik som til dømes Bibelen.

For at du skal kunne oppfatte at ein film refererer til ein annan film, så er det ein fordel om du har sett begge filmane. Dersom du ser mange filmar og seriar, vil du sannsynlegvis også bli flinkare til å kjenne att intertekstualitet.

Frå Romeo og Julie til Titanic

Er det slik at alle historier og all fiksjon som blir laga, byggjer på dei same urfortelljingane? Sjå denne danske YouTube-videoen, og lær meir om intertekstualitet.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.11.2018