Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Filmreferansar i Thelma

Intertekstualitet handlar om korleis tekstar refererer til andre tekstar. Her skal du konsentrere deg om korleis den norske spelefilmen Thelma (2017) peiker til andre filmar. Hitchcocks klassikar Fuglene er ein av filmane som blir trekt fram av filmkritikarar som inspirasjonskjelde.

Intertekstuelle referansar i Thelma

Både filmkritikarar og andre som har analysert Joachim Triers spelefilm Thelma, finn at filmen har fleire referansar til andre filmar. Thelma er med andre ord full av intertekstuelle tilvisingar, som ikkje alltid er så enkle å oppdage, med mindre du kjenner til filmane det er henta inspirasjon frå.

Nokre filmreferansar som blir nemnde, er

  • filmar Joacim Trier har regissert tidlegare, slik som Louder than Bombs (2015), Oslo 31. august (2011) og Reprise (2006), les meir om dette i det nettbaserte filmmagasinet Montages
  • Carrie (1976), regissert av Brian De Palma.
  • Fuglene (1963), regissert av Alfred Hitchcock.

Frå Hitchcock til Trier

Joachim Trier har i fleire intervju trekt fram Alfred Hitchcock som ei av inspirasjonskjeldene sine, mellom anna i eit intervju med det danske filmmagasinet Ekko. Gjennom to filmklipp skal du no sjå nærare på berøringspunkt mellom Thelma og Alfred Hitchcocks Fuglene. Sjå klippa og diskuter spørsmåla under kvart klipp.

Klipp 1: Fugleperspektiv – "Guds auge"

I scenen då Thelma kjem til universitetet for første gong, er kameravinkelen i fugleperspektiv.

  • Kva slags effekt oppnår filmskaparane med å bruke fugleperspektiv?
  • Fugleperspektiv blir òg omtalt som "Guds auge". Kva trur du er meininga bak omgrepet?
  • Kjenner du til andre filmar eller tv-seriar som bruker fugleperspektiv?

Sjå dette klippet frå dokumentaren dokumentaren Hitchcock/Truffaut for meir bakgrunnsinformasjon om korleis Hitchcock bruker denne kameravinkelen.

Klipp 2: Fuglar som skremmande, symbolske karakterar

Tidleg i Thelma ser vi hovudpersonen i filmen sitje på biblioteket og studere. Ute samlar ein flokk svarte fuglar seg. Musikken i klippet støttar opp om ei skummel og dyster stemning. Denne scena kan bli tolka som ei helsing til Alfred Hitchcocks Fuglene.

  • Kjenner du til andre filmar der fuglar har ei viktig rolle?
  • Fuglane i både Thelma og Hitchcocks film frå 1963 kan seiast å ha ei symbolsk betyding. Diskuter kva ein meiner med dette.
  • Kva er likt, og kva er ulikt i framstillinga av fuglane i Hitchcock-klassikaren og fuglane vi ser i Thelma?

Relatert innhald

Ei ung kvinne sin kamp med indre demonar er utgangspunktet for denne filmen, som har blitt hylla av filmkritikarar i både inn- og utland.

Den kritikarroste filmen Thelma er full av symbolikk og antydningar. Her ser vi nærare på dei forteljetekniske grepa.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 10.06.2020

Læringsressursar

Læringsstiar