Hopp til innhald

Fagstoff

1945–1960: Statlege ansvar, nye regissørar og sjangrar

Etterkrigstida var eit vendepunkt i norsk filmproduksjon. Den statlege filmstøtta blei etablert, og nye regissørar, som Edith Carlmar, Nils R. Müller og Arne Skouen, kom til.

Ein ny generasjon filmskaparar

Veteranen Tancred Ibsen regisserte heile åtte spelefilmar. Vildanden (1963), etter farfaren Henrik Ibsens skodespel, blei hans siste. Det meste av filmproduksjonen etter 1945 blei likevel skapt av ein ny generasjon engasjerte, men til dels uerfarne filmfolk. Edith Carlmar, Nils R. Müller og Arne Skouen blei dei leiande regissørane, etterfølgt av Titus Vibe Müller og Kåre Bergstrøm. Nils Reinhardt Christensen og Øyvind Vennerød kom etter kvart til.

Litterær film, okkupasjonsdrama og underhaldningsfilm

Litterær film, okkupasjonsdrama og underhaldningsfilm blei dei leiande sjangrane, godt forankra i ei ny statleg filmstøtte. Både Carlmar, Skouen og Müller skifta mellom sjangrane og forsynte seg friskt av litteraturen i samtida. Carlmar laga fleire vellykka sosiale komediar saman med mannen sin, produsenten Otto Carlmar, etter den fascinerande debuten deira Døden er et kjærtegn i 1949.

Skouens okkupasjonsdrama Ni liv (1957) og Kalde spor (1962) tilhøyrer kanskje dei sterkaste og mest kjende filmane i filmhistoria. Müllers friske og underhaldande filmkvartett Vi gifter oss (1951), Vi vil skilles (1952), Kvinnens plass (1956) og Ektemann alene (1956) blei dei mest populære filmane i dette tiåret.

Stjernegalleri

Skodespelarane Inger Marie Andersen og Henki Kolstad bidrog til populariteten til desse filmane og la grunnlaget for det nye stjernegalleriet i etterkrigstida. Ein særmerkt og interessant film frå midten av femtiåra er De dødes tjern (1958) i regi av Kåre Bergstrøm, basert på Bernhard Borges (André Bjerkes) roman. Denne har fått ein renessanse ved ulike utanlandske cinematek og ved fantasy- og heavy metal-festivalar i Noreg og i utlandet dei siste åra.

Filmpolitikk, luksusskatt og filmstøtte

Stortinget hadde allereie i 1946 akseptert at norsk filmproduksjon var ei offentleg kulturpolitisk sak, og at han derfor hadde behov for og krav på offentleg støtte. Sjølv om kommunane framleis hadde stor innverknad, blei Kyrkje- og undervisningsdepartementet og Stortinget no viktige arenaer for utforminga av filmpolitikken. Ein kan med ein viss rett seie at den økonomiske satsinga var lagt til rette av det statlege filmdirektoratet i okkupasjonstida.

Gjennom ei sterk luksusskattlegging av kinofilmen, med ei avgift på heile 40 %, hadde ein bygd opp eit fond som ved slutten av krigen var på over 10 millionar kroner. Dette blei grunnlaget for den første statlege filmstøtteordninga i 1950. Ho var basert på etterhandsstøtte som skulle løyvast ut ifrå ei vurdering av den ferdige filmen. Ordninga blei fort kritisert og vanskeleg å handtere. Etter fem år blei ho erstatta med ei ny ordning. Denne ordninga baserte seg på førehandsgodkjenning av investert kapital i høve til manuskript og produksjonsplan innanfor vedtekne rammer. Støtta blei deretter utbetalt som ein bonus på 35 % av billettinntektene frå norske kinoar.

Det blei etablert fleire statlege filminstitusjonar på denne tida, som skulle bringe norsk og utanlandsk film ut til folket og ta vare på filmarven. Noreg fekk i løpet av kort tid ein statleg filmsentral, eit ambulerande kinoselskap (Norsk Bygdekino) og eit filminstitutt/arkiv.

CC BY-NC-NDSkrive av Jan Erik Holst og Norsk filminstitutt. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Læringsstiar