Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Norsk film i 100 år

Den første norske kinoen blei opna i 1904. I 1913 blei Statens filmkontroll og kommunal kinodrift oppretta. 50-talet var kinogullalderen. I 2002 blei det innført ei ny finansieringsordning for norsk film.

Pionertida

Dei første norske filmane blei til i åra rundt 1900. Det første tiåret inneheldt filmane korte reportasjar. Omreisande filmframvisarar sørgde for at folk over heile landet fekk sjå levande bilete, mellom anna frå Holmekollrennet, Bergensbanen og den store augneblinken då kong Håkon steig i land på norsk jord i 1905.

Den første norske kinoen som blei opna i Oslo (dåverande Kristiania) i 1904, blei raskt populær, ikkje minst i den veksande arbeidarklassa. Den første norske fiksjonsfilmen, Fiskerlivets farer (Drama paa Havet), blei truleg laga i 1906. Rundt 1910 kunne kinopublikummet underhalde seg med fiksjonsfilmar som Den hvite slavehandel og Under forvandlingens lov.

Filmhistorikar Gunnar Iversen kallar desse filmane "attraksjonsfilmar". Miljøet var henta frå overklassa, og filmane var lett erotiske og pirrande. Filmpioneren Halfdan Nobel Rode stod bak mange av desse filmproduksjonane.

Filmsensur og kommunal kinodrift

I 1913 vedtok Stortinget lov om offentlig forevisning av kinematografbilleder. Statens filmkontroll fekk då ansvaret for å førehandsgodkjenne alle filmar som skulle bli viste offentleg. I 1921 blei det fastsett aldersgrenser for enkelte filmar som ein meinte ikkje høvde for mindreårige. Filmsensuren skulle verne folket mot moralsk forfall.

Kinolova inneheldt òg krav om at alle som ønskte å drive kino, måtte ha konsesjon (tillating) frå kommunen. I dei fleste tilfella gav kommunane denne konsesjonen til seg sjølve. 1919 blei den kommunale kinodrifta samordna i Kommunernes Filmcentral som sørgde for kjøp og distribusjon av filmar over heile landet.

Eit narrativt paradigmeskifte

Rundt 1920 vaks ein ny generasjon norske fiksjonsfilmar fram. Forteljarteknikken blir meir avansert, og publikum blir i større grad trekte inn i filmopplevinga. Iversen kallar dette ”eit narrativt paradigmeskifte". Filmar som Fante-Anne (1920) og Glomdalsbruden (1926) hadde eit sterkt nasjonalromantisk og nostalgisk preg. På 1930-talet blei filmane meir realistiske og kvardagsnære.

Filmregissør Tancred Ibsen sit ved klippebordet og studerer ein film frå rull. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lydfilmen kjem

Den første norske lydfilmen var filmen Den store barnedåpen (1931) av Tancred Ibsen. Han stod òg bak filmsuksessane Fant (1937) og Gjest Baardsen (1939). Lydfilmen førte til ei vitalisering av den norske filmbransjen. Når publikum kunne høyre dialogane, måtte jo skodespelarane snakke norsk. Det norske produksjonsselskapet Norsk film a/s blei etablert i 1932, og det blei bygd eit stort filmatelier på Jar.

Kinoen sin gullalder

1950-talet blei ein gullalder for kinoen. Noreg var seint ute med utbygging av fjernsynet. I staden strøymde folk til kinoane, mellom anna for å sjå den populære Filmavisen. Etablering av bygdekinoane gjorde at folk på små stader rundt om i landet òg fekk sjå dei mest populære filmane.

I etterkrigstida var krigen naturleg nok tema i mange spelefilmar, som i filmane Kampen om tungtvannet (1948) og Ni liv (1957). Men 50-talet baud òg på mange ekteskapskomediar, som Vi gifter oss (1951), På solsiden (1956) og Støv på hjernen (1959). Her møter vi eit tradisjonelt kjønnsrollemønster der husmora er heime og tek seg av hus, barn og mann.

Viktige filmregissørar i denne perioden var Nils R. Müller, Arne Skouen og Edith Carlmar. Carlmar var den første kvinnelege filmregissøren i Noreg. Debutfilmen hennar, Døden er et kjærtegn (1949), er eit døme på ein norsk film noir-film. Den filmen som fekk mest internasjonal merksemd, var likevel Thor Heyerdahls film Kon-Tiki. Filmen fekk Oscar som beste dokumentarfilm i 1950.

Filmregissør Edith Carlmar filmar i Oslo i 1964. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Storfilmane overtek lerretet

Då fjernsynet kom på 60-talet, fekk folk levande bilete rett heim i stova. Som ein konsekvens av konkurransen med fjernsynet endra filmmediet karakter. Kinoen skulle gi sjåarane noko meir, ei sterkare oppleving. Mange amerikanske storfilmar blei kassasuksessar. Det blei òg dei norske storfilmane An-Magritt (1969), Veiviseren (Ofelas) (1986) og Kristin Lavransdatter (1995).

På 70-talet slo ei meir radikal og feministisk bølgje inn over landet. Kjente filmar frå denne perioden er Anja Breien sin film Hustruer (1975) og Vibeke Løkkeberg sin film Løperjenten (1981).

Den nye norske filmbølgja

Norsk film AS blei oppløyst i 2002. I dag blir norsk filmproduksjon finansiert av private investorar med støtte frå norske og nordiske filmfond. Dei siste 20 åra er det blitt laga fleire eksperimentelle filmar, til dømes den postmodernistiske filmen Salmer fra kjøkkenet (2003).

Norske spelefilmar har gjort det godt både innanlands og utanlands. Døme er filmane Elling (2001) og Kon-Tiki (2012). Det same gjeld kortfilmen Tuba Atlantic (2010) og animasjonsfilmen Min bestemor strøk kongens skjorter (1999). Det norske fjernsynsdramaet Mammon vann Emmy-prisen for beste utanlandske TV-drama i 2017.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2018