Hopp til innhald

Fagstoff

Digital film

Digitalisering og ny teknologi har gitt filmskaparar fleire avanserte visuelle verkemiddel. Visuelle effektar (VFX) blir brukte for å lage truverdige levande bilete i filmar som det elles ville vere for dyrt eller vanskeleg å lage, og kan betre og utsmykke filmopptak i postproduksjonen til filmen.

I filmen Mad Max – Fury Road (2015) blir det brukt visuelle effektar og digitale karakterar for å skape eit overtydande filmunivers.

Visuelle effektar

Visuelle effektar (VFX) er ei samlenemning på digitale metodar og teknikkar som blir brukte etter at ein er ferdig med å filme dei ulike scenane i ein filmproduksjon. Dei blir altså lagde på i dataprogram i postproduksjonen eller etterarbeidsfasen og gjer det mogleg for filmskaparane å fortelje historier som tidlegare ikkje kunne vorte formidla på same måten. Dei kunne ha vore for dyre å produsere, eller det ville vore nesten umogleg å filme dei. For eksempel kan det dreie seg om for store og kompliserte filmsett eller monster som ikkje ville framstått som truverdige utan denne teknikken.

Fleire filmskaparar har etter 2000-talet fått tilgang til VFX-programvare. Teknikkane blir derfor brukte også i meir uavhengige filmproduksjonar og ikkje berre i filmar med stort budsjett.

Eksempel på visuelle effektar

Det er fleire typar visuelle effektar:

  • animasjon
  • fargekorreksjon, for å justere det fargemessige uttrykket til filmen
  • partikkelsimulering, digital teknikk for å lage for eksempel snø, eld eller regn
  • rørslesensorar for å lage digitale karakterar (capture motion – capture performance)

I postproduksjonen blir dei forskjellige visuelle effektane samanstilte med filmopptaka som er gjorde på filmsettet. Dette blir kalla composition (eng.). Prinsippa bak denne måten å lage film på er ikkje ny, men ny teknologi gjer at publikum i større grad har vanskar med å skilje mellom kva som er verkeleg, og kva som for eksempel er animert og lagt på i postproduksjonen.

Visuelle effektar og spesialeffektar

Visuelle effektar er ikkje det same som spesialeffektar. Spesialeffektar er effektar som blir brukte på settet, altså der ein gjennomfører filmopptaket. Pyroteknikk og eksplosjonar er eksempel på dette. Dei visuelle effektane til ein film blir lagde på etter at filmopptaka er ferdige, altså i postproduksjonen.

Digitale karakterar

I filmen War for the Planet of the Apes frå 2017 blir det brukt ein teknikk som på engelsk blir kalla capture motion – capture performance. Denne teknikken blir teken i bruk for å skape truverdige digitale karakterar. Spesialbygde kroppsdrakter og andletssensorar fangar rørsler og andletsuttrykk til verkelege skodespelarar. Dette blir så sett saman til ein digital karakter i postproduksjonen.

Denne teknikken vart brukt for å lage Star Wars-karakteren Jar Jar Binks og fekk sitt gjennombrot med karakteren Gollum i Peter Jackson sin Ringenes herre-trilogi.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.10.2017

Læringsressursar

Læringsstiar