Hopp til innhald

Fagstoff

Kva og kvifor i filmanalysen

Film og levande bilete er ein stor del av mediekvardagen vår. Gjennom filmanalyse kan du lære deg å forstå filmane, og du kan bli ein meir kritisk mediebrukar. I ein filmanalyse studerer du dramaturgi og forteljeteknikk i filmen, og du ser etter bakanforliggjande meining.
Studere i biblioteket
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein filmanalyse?

Når du analyserer ein film, studerer du dei ulike delane i filmen nærmare, du ser etter samanheng mellom delar og heilskap. Filmanalyse hjelper deg å setje ord på kva filmen handlar om, og korleis han er bygd opp.

Første steg i ein filmanalyse er å sjå filmen. Og du kan gjerne notere inntrykk og forståing undervegs, eller etterpå. Sjanger, klimaks, strukturen i forteljinga, kamerabruk og bruken av musikk er noko av det du kan skrive stikkord om.

I andre steg i analysen konsentrerer du deg om det du meiner er viktig i filmen du skal analysere. Det er vanskeleg å fange opp alle elementa i ein film, derfor er det lurt å bestemme seg for noko bestemt – er det dialogen mellom karakterar, den dramaturgiske oppbygginga, klipperytmen i sentrale scenar, eller val av musikk som er mest interessant? Tek du utgangspunkt i eitt aspekt, kan du finne ut korleis dette heng saman med andre aspekt; for eksempel kva klipperytmen har å seie for stemninga i ein scene, og for formidling av tematikken i scenen – eller korleis musikk underbyggjer kjenslene som følgjer ei replikkutveksling.

Det er altså i det andre steget du formulerer og stiller spørsmål til analyseteksten din. Du stiller eit hovudspørsmål til filmen, som du ønskjer å få svar på. Så stiller du underspørsmål til det som er relevant i handlingar, dramaturgi, bruk av forteljeteknikkar og liknande, for å kunne svare på hovudspørsmålet.

Det tredje steget handlar om å formulere den skriftlege filmanalysen. Den skriftlege analysen består gjerne av tre delar: innleiing, hovuddel og avslutning.

Filmanalyse i tre steg:

1. Sjå filmen.

2. Formuler spørsmål og gå i djupna.

3. Disponer og skriv analysen.

Kvifor filmanalyse?

Gjennom arbeid med filmanalysar lærer du deg ein systematisk måte å sjå, oppdage og vurdere dei ulike kvalitetane i ein film på.

  • Du lærer mykje om filmspråk og om film generelt.
  • Du vil kunne forstå om det er dialogen mellom karakterane eller bruken av musikk som utmerkjer seg.
  • Du forstår kvifor nokre filmar rører deg, mens andre ikkje «treff» deg på same måten.
  • Du blir ein meir kritisk mediebrukar.
  • Du vil sjølv kunne lage betre film.
  • Du vil kunne sjå om filmen er spennande i seg sjøv, fordi han bryt med etablerte normer innanfor filmproduksjon.

På same måten som når du i analyse av romanar og noveller er på jakt etter å finne ut av kva forfattaren vil med teksten sin, vil du i analysar av filmar undersøkje kva filmen fortel oss på eit djupare plan.

Ei djupare forståing av film, tematikk og samtid

Den prislønte spelefilmen 12 Years a Slave er basert på ei sann historie om Solomon Northup. Northup var ein fri, svart mann som vart bortført på reise til Washington i 1841. Han vart sidan seld som slave på ein marknad i New Orleans. Gjennom ein analyse av filmen vil du sjå at han på eit djupare plan handlar om menneskerettar og om mekanismane og psykologien i slaveriet. I tillegg skildrar filmen det amerikanske samfunnet på midten av 1800-talet. Filmanalyse kan slik sett bidra til å sjå historiske hendingar i samanheng med aktuelle tema i dag.

Filmanalyse kan lære deg noko om tida filmen er laga i, eller om staden der filmen er laga. Analysen hjelper deg med å sjå di eiga samtid med nye «briller» og viser deg korleis samfunnsforhold og -strøymingar påverkar kunst og kulturuttrykk. Enkelte filmar fortel oss for eksempel noko om synet på kvinner eller på homofili. Den norske spelefilmen Døden er et kjærtegn (1949) var kontroversiell i samtida si fordi han handla om utruskap. Han vil neppe bli sett på som særleg kontroversiell i dag.

Eit anna eksempel er den prislønte spelefilmen The Imitation Game som i tillegg til å handle om dekryptering av Enigma-kodar under andre verdskrigen, også handlar om å vere homofil i eit England der dette var forbode. Film kan også kommentere mediekvardagen i samtida, slik som for eksempel The Hunger Games-filmane, som av enkelte filmkritikarar har vorte omtalt som ein blodig satire over reality-TV.

Øving

Snakk med sidemannen om kva for filmanalysar du har gjort tidlegare på skulen. Er du positiv eller negativ til filmanalyse?

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019

Læringsressursar

Læringsstiar