Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

Etos, logos og patos

Etos, logos og patos er dei tre appellformene i retorikk. Retorikk er ofte definert som talekunst og som «kunsten å overtyde». Når du kommuniserer retorisk, er kommunikasjonen både effektiv og planlagd.
Reklame for iPhone 6. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etos, logos og patos

Det er viktig med kunnskap om kva for appellform som passar best i den situasjonen du skal uttrykkje deg i. Det er også viktig å ha kunnskap om kven du snakkar til, for å vite om du skal spele på truverd, fornuft eller kjensler. Når du skal nytte retorikk til å utrykkje deg, eller når du skal analysere retorikken i eit medieuttrykk, nyttar du dei retoriske appellformene etos, logos og patos.

Når du snakkar til andre på ein overtydande måte, når du vil at det du seier, skal ha betyding, då kan ein seie at du nyttar retorikk. For eksempel, kva vil fungere best dersom du vil overtyde ei venninne til å melde seg inn i det same politiske ungdomspartiet som du sjølv er med i? Er det truverd, fornuft eller kjenlser? Eller kanskje litt av kvar?

Etos

Etos kan vi definere som truverd, eller truverdet til avsendaren. Når du skal uttrykkje deg, er det viktig at den du snakkar til, har tiltru til at det du seier, er sannsynleg eller sant.

For eksempel: «Eg har nytta bodylotion frå The Body Shop i fem år, og derfor veit eg at dette er eit godt produkt.»

Logos

Logos handlar om dei faktiske argumenta eller påstandane i det du seier. Dei du snakkar til, blir overtalte når dei opplever resonnementa som sanne eller sannsynlege.

For eksempel: «Dyr kjenner smerte, derfor bør vi forby produkt som er dyretesta.»

Patos

Patos blir ofte omsett til «kjensler». I retorisk samanheng vil det seie at vi overtyder gjennom å vekkje bestemte kjensler hos publikum.

For eksempel: «Bruk denne bodylotionen, fordi du fortener litt luksus i kvardagen.»

Retorikk i mediefaget

Retorikk blir tradisjonelt knytt til overtaling gjennom skrift- og talespråk. I mediefaga nyttar vi eit utvida tekstomgrep, som omfattar alle medieuttrykk. Det vil seie at vi ser på retorikk i bilete, fargar, lyd, musikk og levande bilete, og i kombinasjonar mellom fleire medieuttrykk.

CC BY-SASkrive av Elin Marie Voie og Tina Andersson.
Sist fagleg oppdatert 07.07.2017