Hopp til innhald

Filmproduksjon
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. LæringsstiarChevronRight
  4. Lag ein trailer eller eit reality-konseptChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Lag ein trailer eller eit reality-konsept

Du skal nå vise kva du kan om forteljeteknikk og verkemiddel i sjangerfilm, TV-seriar og reality-konsept. Lag ein trailer til ein film eller TV-serie eller utarbeid eit reality-konsept.

Filmproduksjon

Vel éi av oppgåvene.

Oppgåve 1

Lag ein trailer

Bruk det du har lært om forteljeteknikk i sjangerfilm og TV-seriar, og lag ein trailer. Du vel sjølv om det skal vere ein trailer til ein film eller til ein TV-serie.

Hugs at traileren du skal lage, ikkje treng å vere knytt til ein film eller serie som faktisk finst frå før. Ver kreativ!

Oppgåve 2

Lag eit reality-konsept

Oppgåva kan løysast individuelt eller i grupper.

Eit konsept er kort fortalt ein idé med ein plan. Du skal no lage eit reality-konsept med utgangspunkt i det du har lært om forteljeteknikk i reality-konsept.

Hugs at det finst fleire metodar og verktøy for idéutvikling, som for eksempel tankekart. Bruk dette når du jobbar med å planleggje konseptet. Når du har laga ein plan med skisser, manus, synopsis, storyboard eller liknande, skal du presentere reality-konseptet for dei andre i klassen.

La deg gjerne inspirere av denne artikkelen om Paradise Hotel og eventyr på Forskning.no.

Eigenvurdering

Kor einig er du i desse utsegnene?

Ranger di eiga læring på ein skala frå 1 til 6, der 1 = svært ueinig og 6 = svært einig.

  • Eg veit kva som kjenneteiknar sjangerfilmar, TV-seriar og reality-konsept.
  • Eg kan vurdere forteljeteknikk og verkemiddel i seriar og filmar eg pleier å sjå på.
  • Eg kan vurdere og bruke forteljeteknikk og verkemiddel i eigne produksjonar.

Læringsressursar

Læringsstiar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale