Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikk i TV-seriar

Ein TV-serie består av fleire kortare episodar eller program. Sjølv om TV-seriar bruker mange av dei same prinsippa for forteljeteknikk og verkemiddel som vi kjenner frå film, har TV-serien ofte fleire hovudkarakterar og presenterer fleire parallelle historier.
John Snow og Daenerys Targaryen står framfor eit snødekt fjell og ser bekymra mot venstre. John har svart hår, svart heilskjegg og lang, svart pelskappe. Daenerys har langt, kvitt hår og er kledd i kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

TV-seriar

SKAM, Game of Thrones, Heimebane, Westworld, The Umbrella Academy, Sex Education, The Crown og The Handmaid’s Tale er alle døme på TV-seriar. TV-seriar blei tidlegare sende som program på tradisjonelt fjernsyn. I dag har digitale strøymetenester som HBO og Netflix teke over mykje av marknaden. TV-kanalane sender framleis seriar, men fleire av produksjonane blir også gjorde tilgjengelege via nettsidene til TV-kanalen, anten gratis som hos NRK eller mot betaling hos dei kommersielle kanalane.

Kjenneteikn

  • ofte kostbare produksjonar
  • 10–12 episodar i kvar sesong
  • fleire sesongar
  • kjende skodespelarar i hovudrollene
  • spenningstopp til slutt i episodane
  • endring i karakterar og miljø over tid

Forteljeteknikk

Dramaturgi

Det er ikkje utan grunn at moderne TV-seriar av fleire blir omtalte som den nye samtidsromanen. Plottet i mange av TV-seriane er komplekst, med fleire parallelle historier. TV-seriar følgjer ofte den episodiske dramaturgimodellen. Her er det om å gjere å avslutte kvar episode på ein måte som gjer publikum ekstra spenet på kva som skjer vidare.

Dei som lagar TV-seriar, har i nyare tid lagt til nye forteljarelement for å hjelpe publikum med å følgje med på kva som har hendt tidlegare i historia, og for å peike framover mot kva som skal skje:

  • «cliffhanger»: spenningstopp på slutten, slik at du får lyst til å sjå neste episode eller sesong
  • oppsummering: eit tilbakeblikk på førre episode eller førre sesong
  • trailerar eller teaserar: fungerer som reklame for å minne publikum på at snart kjem det ein ny sesong

Karakterar

I sjangerfilmar møter vi ofte éin hovudkarakter. TV-seriar har tid til å presentere fleire hovudkarakterar og til å gå djupare inn i karakterane. Konfliktane oppstår når karakterane møter hindringar som gjer at det blir utfordrande for dei å nå målet sitt. Jo meir utfordrande hindringa er, jo meir overtydande blir ofte historia om denne karakteren.

Vi ser også at eigenskapane til karakterane kan endre seg over tid. Skurken kan bli lovlydig, politimannen kan bli kriminell, og den trufaste ektefellen utru.

Verkemiddel

TV-seriane speler på etablerte sjangrar, forteljeteknikkar og verkemiddel vi kjenner frå spelefilmar. Det finst eigne westernseriar, actionseriar, romantiske seriar, sciencefictionseriar, skrekkseriar, komi-seriar og dramaseriar.

Det hender dessutan at seriar kombinerer sjangrar. Eit døme her er HBO-serien Westworld, som hentar inspirasjon frå både sciencefiction- og western-sjangeren.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson Jensen. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 16.12.2020

Læringsressursar

Læringsstiar