Hopp til innhald

Fagstoff

Forteljeteknikk i sjangerfilm

Sjangerfilm er ei samlenemning for spelefilmar som presenterer kjende forteljingar og bruker ein klassisk dramaturgi. Den typiske sjangerfilmen handlar om kampen mellom det gode og det vonde og byggjer på liknande filmar i same sjanger. Derfor minner sjangerfilmar oss ofte om filmar vi har sett før.
Ein mann støttar ei kvinne mens dei spring ved sida av ein kø med bilar. I bakgrunnen fossar ei stor bølge mot dei. Foto.

Forteljeteknikk i sjangerfilm

Dramaturgi

Sjangerfilmar presenterer historier gjennom ei velkjend oppbygging. Filmane nyttar seg av klassisk dramaturgi, ofte kalla Hollywood-modellen. Sjangerfilmar er ofte både spanande og urealistiske, og det er handlinga og forteljinga som står i sentrum. Det finst ei lang rekke ulike sjangerfilm-kategoriar som for eksempel action-, western-, skrekk-, romantisk komedie-, sci-fi-, fantasy- og katastrofefilmar.

Karakterar

Karakterane i sjangerfilmen bygger på arketypar som er lette for publikum å kjenne att. Med arketype meiner vi at dei fleste menneske kan vere einige i kva for eigenskapar ein spesiell karaktertype har. Ofte blir arketypane framstilte på ein stereotyp måte. Det vil seie at eigenskapane til karakterane er forenkla og tydeleggjorde, og at dei oppfører seg føreseieleg. Her er nokre eksempel på ulike arketypar på film:

  • helten
  • skurken
  • den gale vitskapsmannen
  • jomfrua i naud
  • «mannen i gata»
  • psykopaten
  • nerden

Effektar og verkemiddel

Filmskaparane i sjangerfilmar bruker ei rekke effektar og verkemiddel for å skape fantastiske, skremmande eller komiske illusjonar og effektar. Bruken av desse verkemidla appellerer til kjensler hos publikum, og dei er med på å drive handlinga framover. Vi hoppar i kinosetet av plutselege og høge lydar, eller vi anar at noko fælt snart skal skje, når musikken i filmen går over i eit skummelt leie.

Bruk av stuntmann er vanleg for å få gjennomført halsbrekkande triks i actionfilmar. Spesialeffektar og datagrafikk kan skape monster og skapningar, konstruere landskap på andre planetar eller lage illusjonar som ikkje ville vore mogleg utan desse teknikkane.

Kontrakt med publikum

Sjangerfilmar spelar på det vi kan kalle ein «kontrakt med publikum», eller sosiale konvensjonar. Både filmskaparen og publikum veit kva for forventingar som gjeld for ein bestemt sjanger. Alt frå utforminga av filmplakat og trailer til dei første tre minuttane i filmen er med på å styre forventinga til publikum i retning av kva slags filmsjanger dei har med å gjere.

Nokre gonger kan du sjå kva som er typisk for ein sjanger, ved å sjå filmar som parodierer sjangeren. I parodien vil sjangertrekka vere overtydelege, humoristiske eller karikerte. Dersom du som publikummar ler av parodien, har du mest sannsynleg gode føresetnader for å kunne beskrive trekk ved sjangeren som filmen parodierer.

Eksempel på slike filmar er A Million Ways to Die in the West, Austin Powers-filmene og Scary Movie.

Kjenneteikn ved filmsjangrar

Western, skrekk og romantiske komediar er klassiske sjangerfilm-kategoriar med ei lang historie på kinolerretet.

Westernfilmen

Klipp frå anslaget til den klassiske western-filmen Mitt navn er Nobody frå 1973.

Kjenneteikn: Historia i klassiske westernfilmar er sett til slutten av 1800-talet til byrjinga av 1900-talet. Filmane gir tradisjonelt stereotypiske framstillingar av det gode og det vonde, der kvite karakterar spelar helten og mennene hans. Handlinga i westernfilmar er sett til fortida, og filmane er prega av nostalgi og ironi.

Andre kjenneteikn ved sjangeren er skildring av storslått natur, den høgreiste helten, revolver-kampar, klede i svart (skurkane) eller kvitt (dei gode) og hemnmotiv. Det blir laga få westernfilmar i våre dagar, men filmar som The Hateful Eight og True Grit viser at sjangeren likevel ikkje er død. Vi ser også at fleire moderne TV-seriar hentar inspirasjon og verkemiddel frå westernfilmar.

Konflikt: Westernfilmar er ofte sentrerte om ein moralsk konflikt. Filmane handlar for eksempel om erobringa av det ville vesten, om konflikten mellom cowboyar og indianarar eller om ranch-eigaren som må beskytte eigedomen sin mot dei lovlause. Helten kjem til ein ny stad og hamnar i ein konflikt, lovlause skurkar dukkar opp, og helten tek opp jakta på skurkane. Skurkane blir tekne til fange og sette bak lås og slå, eller dei mistar livet i revolver-kamp. Harmonien blir retta opp att. Dersom kjærleik er ein del av forteljinga, kjem dette ofte i bakgrunnen.

Miljø og omgivnader: Handlinga går typisk føre seg i usiviliserte og aude område som prærie, ørken eller fjellområde i det amerikanske vesten. Ho kan også utspele seg i små byar eller på ranchar.

Skrekkfilmen

Guffen stemning i dette utdraget frå skrekkfilmen Paranormal Activity frå 2007.

Kjenneteikn: Skrekkfilmar er filmar med mørke, skumle og ofte valdelege scenar og har som mål å skremme, nokre gonger skape panikk hos publikum. Ofte handlar skrekkfilmar om noko ukjend og farleg som invaderer det kjende. For å skape ei skummel og uroleg stemning er musikken i skrekkfilmar gjerne atonal eller dissonant. Plutseleg høge og uventa lydar og skumle og forstyrrande lydeffektar er vanleg. Truande situasjonar er gjennomgåande, og vi møter vonde og farlege dyr, menneske eller overnaturlege vesen.

Konflikt: Ei trygg verd blir utrygg og til slutt trygg att.

Miljø og omgivnader: Skrekkfilmar kan utspele seg i ei rekke ulike miljø som for eksempel i småbyar, i verdsrommet, på institusjonar som skular og sjukehus, i gamle nedlagde hotell eller i øydemarka. Det som ofte kjenneteiknar omgivnadene i denne typen filmar, er at dei er prega av isolasjon, og at hovudpersonen har problem med å sleppe unna dei farene som truar på staden.

Den romantiske komedien

Kjærleiken sigrar til slutt i den romantiske Woody Allen-komedien A Rainy Day in New York frå 2019.

Kjenneteikn: Den romantiske komedien er filmar som handlar om kjærleik på ein lystig og humoristisk måte, og som gir publikum ei god kjensle. Sjangeren har røter attende til dei amerikanske screwballs-komediane som hadde høgdepunktet sitt på 1930-talet. Handlinga i romantiske komediar kan koplast til klassiske mytar og eventyr om kjærleik, og til klassiske skodespel som for eksempel Shakespeares Ein midtsommarnattsdraum.

Konflikt: To menneske møter kvarande. Det oppstår ein konflikt som gjer at forholdet mellom dei blir umogleg. På slutten kjem dei saman att og kan leve lykkeleg saman.

Miljø og omgivnader: Handlinga kan utspele seg i notida, fortida eller framtida. Filmane seier ofte noko om korleis den tida som filmen er produsert i, ser på kjærleik.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 09.02.2023

Læringsressursar

Læringsstiar