Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Dramaturgien i Skylappjenta

Jente i rosa kjole spring gjennom ein mørk skog. Foto.

Oppgåve

  1. Sjå anslaget (dei første sekunda av filmen). Allereie her får vi eit hint om konflikten. Vi høyrer ein samtale mellom mor og dotter. Kva handlar samtalen om?
  2. I anslaget ser vi ikkje personane som snakkar, men ein animasjon. Kva fortel denne animasjonen om stemninga i heimen?
  3. I den første scenen er mor i ferd med å sende Skylappjenta av garde til bestemor, som er sjuk. Kva er det mor formaner Skylappjenta om? Og kva får oss til å skjønne at dottera ikkje har lyst til å gjere som mora seier?
  4. Skylappjenta bryt påbodet frå mora om å «gå rett fram, ikke se til høyre, ikke se til venstre». Kva gjer ho?
  5. I den mest dramatiske scenen i filmen må Skylappjenta ta eit avgjerande val.

    1. Kva er alternativa ho har?
    2. Kva vel ho?
    3. Kva er det ho dermed mister?
    4. Kven hjelper henne i denne situasjonen?
  6. Vegen vidare er ikkje lett for jenta. Kva er det neste ho mister?
  7. Kva er det som hjelper henne når nauda er størst og ho har mist absolutt alt?
  8. Korleis går det med Skylappjenta til slutt?

Relatert innhald

Kortfilmen Skylappjenta, ein moderne versjon av «Rødhette og ulven», er ein animasjonsfilm med ekte skodespelarar.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Eli Huseby.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Læringsstiar