Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Max Manus – ein norsk krigshelt

Motstandsmannen Maximo Guillermo Manus, betre kjend som Max Manus, er ein myteomspunnen krigshelt frå andre verdskrigen. Han var løytnant i Kompani Linge, ei britisk militæravdeling som vart oppretta under andre verdskrigen, og som bestod av norske frivillige.
Kronprinsen i åpen bil etter frigjøringen av norge. Max Manus i forsetet er bevæpnet livvakt
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motstandsmann og krigshelt

Max Manus (1914-1996) utførte som løytnant i Kompani Linge sabotasjeaksjoner i Norge under okkupasjonen. Portrettet er fra 1945.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Denne oppgåva tek for seg ei riktig spanande hending i livet til Max Manus og karrieren hans som motstandsmann og krigshelt under andre verdskrigen i Noreg. For å vite litt meir om kven Max Manus var, bør du lese det som står om han på Wikipedia.

Tyskarane brukte mykje tid på å freiste å stoppe og fange Max Manus. I arkivet etter Statspolitiet, som finst i Riksarkivet, ligg heile seks øskjer med materiale om Max Manus og kva han gjorde. Kjeldene du skal bruke i denne oppgåva, er mellom anna henta derfrå.

Lag ei tidslinje

Når ein studerer ei rekkje kjelder, kan det vere vanskeleg å halde oversyn over viktige datoar og hendingar. Ved hjelp av kjeldene du får presentert i oppgåvene under, skal du undervegs lage ei tidslinje. Før inn opplysningar du synest er relevante for saka, i tidslinja di. Dermed vil du få eit visuelt og dermed klarare oversyn over dei einskilde hendingane og kva som faktisk skjedde i livet til Max Manus i perioden 14.02.1941 til 15.03.1941.

Oppgåve 1 – Statspolitiet si undersøking

Studer kjeldene frå statspolitiarkivet. I alt er det 13 kjelder. Ni av dei er avhøyr, og fire er planteikningar. Avhøyra er tekne av folk som var direkte eller indirekte involverte i rømminga.

Kjelder

Statspolitiet sitt arkiv:

(Høgreklikk på pdf-filene nedanfor og vel "opne lenke i ny fane". Då kan du lese teksten samstundes som du høyrer på opplesinga.)

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Filer

Tekst

Lyd

avhør Bruusgaard

avhør Astrid Olsen

avhør Herstad

avhør Ilsaas

avhør Karl Andersen

avhør Semb

avhør Skrinde

avhør Stadsklev

avhør Tøraasen

plantegning av bygning og fluktvei

Statspolitiet var eit politisk politi som var ein reiskap for NS-styret og okkupasjonsmakta. Statspolitiet arbeidde tett med det tyske tryggleikspolitiet.

  1. Kva slags hending er det desse kjeldene skildrar?
  2. Kva rolle har dei einskilde personane hatt?
  3. Får du inntrykk av Max Manus som ein helt eller ein skurk når du studerer kjeldene frå arkivet til statspolitiet?
  4. Ut frå desse kjeldene, kva trur du faktisk hende denne morgonen? Bruk tidslinja di.

Oppgave 2 – «Det vil helst gå godt»

Du skal no studere sjølvbiografien til Max Manus Det vil helst gå godt. Kapittelet «I fellen og ut igjen» skildrar kva han sjølv tenkte og gjorde rundt arrestasjonen, tida på sjukehuset og rømminga derfrå. Les gjerne heile kapittelet, men minimum sidene 59 til 64.

Kjelde oppgåve 2

E-bok:

Max Manus: Det vil helst gå godt

sidene 59 til 64

  1. Samanlikn Max Manus si eiga skildring frå opphaldet på Ullevål sjukehus og natta han rømte, med kjeldene du har studert så langt. Før inn eventuelle nye opplysningar du finn, i tidslinja di.
  2. Er inntrykket ditt av hendinga og av Max Manus blitt endra, eller er det uendra? Kva er det eventuelt som gjer at du tenkjer nytt no? Om du ikkje har endra meining, kva er det som gjer at du framleis held fast ved synspunkta dine?

Oppgåve 3 – Filmen Max Manus

Filmen Max Manus (2008) skildrar også arrestasjonen, delar av sjukehusopphaldet og rømminga.

Kjelde

Sjå ei filmatisert framstilling av hendinga der motstandsmannen Max Manus rømmer frå sjukehuset:
Max Manus: rømmingsscena frå sjukehuset

Dei som har høve, kan gjerne sjå heile filmen.

  1. Filmen er basert på mellom anna sjølvbiografien til Max Manus. Samanlikn filmsnutten du har sett, med di eiga tidslinje som du har laga ved hjelp av kjeldene du har studert.

    • Synest du regissøren har klart å attfortelje hendinga på ein korrekt måte?
    • Kva opplysningar i filmen ville du ha utelate, eventuelt føydd til?
  2. Etter å ha studert alle kjeldene du har fått presentert så langt, kva synest du personleg om krigshelten Max Manus? Fortener han heltestatusen han fekk, eller meiner du at den er oppskrytt? Forklar kvifor.

Oppgåve 4 – Enkel kjeldekritisk refleksjon

  1. Du har i dag studert ei rekkje kjelder. Kva for nokre av desse er primærkjelder, og kva for nokre er sekundærkjelder? Grunngi svaret.
  2. Kva er det som gjer ei primærkjelde meir truverdig enn ei sekundærkjelde? Kva må til for å få ei sekundærkjelde meir truverdig – altså at ho vil tole motargument frå andre som er ueinige i tolkingane til sekundærkjelda?
  3. Kva med di eiga tidslinje? Er ho ei primær- eller ei sekundærkjelde, trur du?
  4. Kva må til for å få henne mest mogleg truverdig i ein historisk samanheng?
CC BY-NC-SASkrive av Patricia Haeck. Rettshavar: Riksarkivet
Sist fagleg oppdatert 06.11.2018

Læringsressursar

Læringsstiar