Hopp til innhald

Fagstoff

1920–1930: Nasjonalromantikk

Dei første filmane i pionertida etter 1911 var enkle melodrama. Men på 1920-talet kom det meir storslåtte filmatiseringar av Bjørnstjerne Bjørnson, Knut Hamsun, Kristoffer Janson og Vilhelm Krag.
Fante-Anne
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nasjonalromantikken erobrar lerretet

Nasjonalromantikken hadde brei publikumsappell på kino. Filmar som Fante-Anne (1920), Markens Grøde (1921), Pan (1922), Glomdalsbruden (1926) og Brudeferden i Hardanger (1926) var prega av nasjonalromantikk og bygdemotiv og er typiske for denne perioden i norsk film. Men moderne filmar, som Bergenstoget plyndret i natt (1928) og samiske forteljingar som Viddenes folk (1928) og Laila (1929), blei også svært populære og bidrog til at norsk film kom ut i verda.

Fante-Anne blir rekna som ein milepåle i norsk filmhistorie. Filmen sette ein ny profesjonell standard for produksjon, både framfor og bak kamera. Her på NDLA film kan du sjå Fante-Anne i ein nyrestaurert versjon. Musikken er komponert av Halldor Krogh og spelt inn med Kringkastingsorkesteret.

Eksport av norsk film

Det var eit stort ønske om å selje norsk film til utlandet på denne tida, først og fremst fordi marknaden heime var for liten. Danske og svenske regissørar og produsentar kasta også blikka sine på norsk litteratur og ikkje minst natur på 1920-tallet. Victor Sjöström regisserte allereie i 1916 Terje Vigen etter diktet til Henrik Ibsen, og Carl Th. Dreyer følgde opp med Glomdalsbruden ti år seinare, basert på Jacob B. Bulls romanar. Bjørnstjerne Bjørnsons Synnøve Solbakken og Et Farlig frieri blei begge filmatiserte i Noreg av svenske produsentar.

Ekspedisjonsfilm

1910- og 1920-talet var også tida for ekspedisjonsfilmane, med reiseskildringar og vitskaplege observasjonar på begge polar og i fjerne strok. Filmane til Roald Amundsens står i ei særstilling i denne sjangeren, fleire av dei er nylig restaurerte av Nasjonalbiblioteket og gitte ut på DVD og som klikkefilm av Norsk filminstitutt.

CC BY-NC-NDSkrive av Jan Erik Holst. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 30.01.2018

Læringsressursar

Læringsstiar