Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ei filmscene

Eksempel på elevproduksjon: Elevar frå Elvebakken vidaregåande skule i Oslo har laga ein reklamefilm for eit seminar om fransk nybøljefilm.

Gruppeoppdrag

Del klassen inn i fleire filmteam (4–5 elevar).

  1. Studer filmspråket i ulike epokar i filmhistoria.
  2. Vel ei scene frå ein film som tilhøyrer ein bestemt epoke.
  3. Lag ei liste over karakteristiske trekk som plasserer scena i nett denne epoken i filmhistoria.
  4. Lag ei filmscene som er inspirert av filmspråket i den scena de nett har studert.

Relatert innhald

Filmspråket har utvikla seg kontinuerleg frå 1890-talet og fram til i dag, og det speglar politisk og filosofisk tankegods.

Nybølgje-regissørane var opptekne av film som kunstuttrykk, på linje med litteratur og målarkunst.

CC BY-SASkrive av Sissel Stokkedal.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2017

Læringsressursar

Læringsstiar