Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
  4. Krig og konfliktChevronRight
  5. Krigens unge hjarteChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Krigens unge hjarte

Krigens unge hjarte er ein TV-serie frå 2013 som kastar lys over kva krigen gjorde med unge tyskarar, både dei som kjempa ved fronten, og dei som blei igjen heime.

fra plakat
Krigens unge hjarte

Filmdetaljar

År: 2013

Anbefalt alder: 15 år

Originaltittel: Unsere Mütter, unsere Väter

Regi: Philipp Kadelbach

Manus: Stefan Kolditz

Skodespelarar: Volker Bruch, Tom Schilling, Katharina Schüttler, Miriam Stein, Ludwig Trepte, Mark Waschke, Henriette Richter-Röhl, Götz Schubert

Om serien

Tv-serien fortel ei historie om andre verdskrigen frå eit tysk perspektiv. Vi får sjå korleis krigen utspelte seg også utanfor slagmarka og korleis han påverka heile det tyske samfunnet.

Fem vener held avskjedsfest i Berlin i 1941. Dei har vakse opp i same nabolaget og har halde saman i alle år trass i ulikskapane deira. Dei avtaler at dei skal møtast att til jul. For krigen varer vel neppe lenger enn det?

Meldaren i NRK Filmpolitiet beskriv serien slik:"Ei truverdig, mørk og nyansert historie – med skodespelarar eg trur på."

Oversikt over delane

Serien utløyste både sterke kjensler og debatt då han blei vist i Tyskland. Hausten 2013 blei serien vist på NRK som tre episodar på 90 minutt. Her er han delt opp i seks delar på ca. 45 minutt kvar.

Krigens unge hjarte Del 1

Krigens unge hjarte Del 2

Krigens unge hjarte Del 3

Krigens unge hjarte Del 4

Krigens unge hjarte Del 5

Krigens unge hjarte Del 6