Hopp til innhald

Silhuettar av to barn som vatnar ei plante med ei vasskanne. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. Berekraftig utviklingChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Berekraftig utvikling

Berekraftig utvikling er eit tverrfagleg tema som handlar om å verne livet på jorda og om langsiktig og fornybar planlegging av samfunnet. Her er aktuelle filmar om emnet.

Svart hund med blå auge ser i kamera. Sit i førarsetet på ein grøn bil. Foto.
Hunden Todd var grunnen til at John og Molly Chester følgde draumen sin om å leve i harmoni med naturen.

Berekraftig utvikling dreier seg om sosiale, teknologiske, økonomiske og miljømessige forhold. Det er altså ikkje berre nedgang i utslepp av CO2, medvit kring skadeverknader av plast og elles vern av naturen som er med på å leggje til rette for ei berekraftig utvikling.

Ny teknologi kan også bidra til å gjere verda meir berekraftig. Samtidig reiser ny teknologi ofte ulike etiske dilemma.

I ei verd som går gjennom miljø- og klimaendringar er det enkelte menneskegrupper som er særleg sårbare og utsette. Nokre av urfolka i verda opplever at landområde og levesett er truga. Dette kan føre til interessekonfliktar.

Emne

Berekraftig utvikling

  • Miljø

    Her finn du filmar som handlar om kva avtrykk vi menneske lèt etter oss på jorda.

  • Urfolk

    Urfolk har viktig kunnskap om naturen og miljøet. Filmar om urfolk fortel ofte om levemåten til gruppene, kulturen og historia deira.

  • Klima

    Her finner du en samling filmer om klima. Klimaet endrer seg, og vi får se hvilke utfordringer det skaper for oss mennesker.

  • Filmar som diskuterer moglegheiter og etiske dilemma med ny teknologi.