Hopp til innhald

Bakhodet til en jente foran en stor port. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. Folkehelse og livsmeistringChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Folkehelse og livsmeistring

Folkehelse og livsmeistring handlar om korleis vi kan leve gode liv. God fysisk og psykisk helse betyr mykje for korleis vi har det. Det gjer også kommunikasjon og samspel med andre menneske.

Bakhodet til en jente foran en stor port. Foto.

Korleis du har det både fysisk og psykisk, har stor betydning for korleis du meistrar kvardagen. Sjølv om noko av det du opplever i livet skjer utanfor din kontroll, slik som akutt sjukdom eller at nokon du er glad i døyr, finst det mykje du sjølv kan vere med å påverke gjennom eigne val. Du kan til dømes passe på å ete sunn og næringsrik mat, halde deg i fysisk aktivitet og få nok søvn.

Folkehelse og livsmeistring handlar også om korleis du stiller deg til andre menneske. Respekt for andre si tru og måte å leve livet på er ein viktig del av dette. Filmar som viser menneske som har teke andre livsval enn deg sjølv, kan vere ein god ressurs når du jobbar med dette tverrfaglege emnet. Det same kan gjelde filmar som på ulikt vis handlar om sjukdom, rus, kjønn, identitet, kommunikasjon eller mediebruk.

Emner

Folkehelse og livsmeistring

  • Helse

    Livsstil, sjukdom og sunnheit kan koplast til samlenemninga helse. Her finn du filmar til temaet.

  • Identitet

    Filmar som handlar om universelle tema som identitet, kulturmøte og verdival.

  • Kommunikasjon

    Filmar om kommunikasjon – det som bind oss menneske saman. Eit vidt omgrep om korleis vi menneske samhandlar gjennom språk, gestar, skrift, klede og teikn.