Hopp til innhald

Mann i dress på talerstol. Det amerikanske flagget i bakgrunnen. Foto.
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. Demokrati og medborgarskapChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Demokrati og medborgarskap

I overordna del av læreplanverket blir demokrati og medborgarskap forklart som eit tverrfagleg tema som handlar om demokratiske spelereglar, verdiar og føresetnader (Udir, 2018). Film kan vere ein nyttig læringsressurs når du skal forstå ulike demokratiske prosessar.

Mann i dress på talerstol. Det amerikanske flagget i bakgrunnen. Foto.

Gjennom å sjå filmar som belyser demokratiske prosessar og utfordringar, kan du tileigne deg kunnskap om organiseringa i samfunnet og om institusjonar.

Film kan også gi døme på samanhengen mellom dei rettane og pliktene vi som lever i eit demokratisk samfunn, har. Slike filmar kan gjere det lettare å relatere temaet demokrati og medborgarskap til deg sjølv, og til saker som opptek deg i dagleglivet.

Vi tilbyr filmar om ytringsfridom, propaganda, medborgarskap og rettar og politikk.

Emner

Demokrati og medborgarskap

  • Medborgarskap

    Medborgarskap handlar om å tenkje demokratisk, og om å aktivt handle demokratisk i kvardagen.

  • Ytringsfridom

    Filmar om ytringsfridom knytte til det tverrfaglege emnet demokrati og medborgarskap.