Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Hitchcock / Truffaut

Hitchcock/Truffaut (2015) er ein fransk-amerikansk dokumentarfilm om Francois Truffauts bok om Alfred Hitchcock. Filmen viser korleis boka bidrog til Hitchcocks anerkjenning, og korleis filmane hans har påverka filmhistoria – og framleis påverkar filmar som blir laga i dag.

Om filmen

Den franske filmkritikaren og regissøren Francois Truffaut skreiv boka Cinema According to Hitchcock i 1966. Boka er basert på samtalar mellom Hitchcock og Truffaut, der dei diskuterte dei ulike filmane til Hitchcock.

I filmen får vi også møte fleire kjende filmregissørar frå nyare tid, slik som Martin Scorsese, Wes Anderson og David Fincher. Regissørane reflekterer over korleis både boka til Truffaut og filmane til Hitchcock har inspirert karrieren deira.

Før boka kom ut, var Hitchcock allereie godt kjend som ein meister av spenning. Gjennom boka blei Hitchcock anerkjend som ein unik filmkunstnar med stor betydning.

Alfred Hitchcock

Alfred Hitchcock (1899–1980) var ein britisk filmregissør som blei kjend for sin gjennomførte stil og for å ha utvikla den psykologiske thrilleren som sjanger. Han var opphaveleg utdanna ingeniør og begynte å jobbe med reklame. Etter kvart blei han meir involvert i filmproduksjon og jobba med både scenografi og manus. Som 23-åring fekk han moglegheit til å regissere den første filmen sin.

Dei første filmane i karrieren hans var stumfilmar. I 1929 regisserte han Storbritannias første lydfilm, Blackmail, og i 1943 laga han den første "typiske" Hitchcock-filmen sin, The Man Who Knew Too Much. Hollywood fekk no auga opp for den britiske regissøren, og utover 50 og 60-talet fortrylla han kinopublikummet verda over. Filmane Psycho (1960) og Fuglene (1963) er blant nokon av dei mest kjende filmane frå karrieren hans.

Hitchcocks filmar har inspirert mange filmskaparar opp gjennom filmhistoria og inspirerer framleis filmskaparar i dag. Filmane hans er stilreine, spennande og tidlause, og dei blir derfor framleis opplevd som aktuelle, sjølv om det er mange år sidan dei blei laga.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmproduksjon