Hopp til innhald

Filmproduksjon
  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmproduksjonChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Filmproduksjon

For å lage film treng du kunnskap om ulike sider av produksjonsprosessen, slik som å teikne storyboard, skrive manus, gjere opptak og redigere. Du treng også kjennskap til dramaturgi og ulike filmatiske verkemiddel.

Synopsis er eit kort samandrag av filmideen din. Dette dannar så grunnlag for manuset til filmen. Manuset beskriv handlinga og inneheld replikkane i filmen.

Etter at du har gjort ferdig manuset, blir dette overført til eit storyboard. Her blir alle bileta i filmen teikna opp, slik at den som skal filme veit kva utsnitt og kva kameravinkel som skal brukast i dei ulike scenane. Etter filming sit du att med råopptaket til filmen. Dette blir så redigert saman til ferdig film.

Eit nyttig tips til deg som er kommande filmskapar, er å sjå mange filmar frå, og om, kjende filmskaparar. På denne måten vil du lære om filmatiske verkemiddel og om dramaturgi. Du vil også få kjennskap til sentrale filmverk i filmhistoria.

Læringsressursar

Filmproduksjon