Hopp til innhald

Spelefilm

Kristin Lavransdatter

Heltinna frå middelalderen har bergteke lesarane sidan Sigrid Undset skreiv første bind om Kristin Lavransdatter i 1920. Liv Ulmann si filmatisering i 1995 blir i dag rekna som ein av dei store filmklassikarane og er framleis ein av dei mest sette norske filmane på kino nokosinne.

Om filmen

Kristin Lavransdatter byggjer på Kransen, første bind i Sigrid Undset sin triologi om Kristin Lavransdatter. Handlinga er lagd til 1300-talets Noreg, og vi får oppleve Kristin sin oppvekst på ein gard i Gudbrandsdalen. Ho har eit svært godt forhold til faren Lavrans, men forholdet blir sett på prøve då ho nektar å gifte seg med den faren har valt ut til ho, men i staden forelskar seg i ein mann utan rykte, riddaren Erlend. Dei trassar både foreldra og dei strenge skikkane i ættesamfunnet før dei til slutt får Lavrans si velsigning til å gifte seg.

Kristin Lavransdatter viser levesettet i middelalderen, samtidig som han er aktuell i dag med dei indre og ytre konfliktane som vi alle kan kjenne oss att i.

Sterke kvinnefigurar

Romanfiguren Kristin Lavransdatter blir sett på som ei viljesterk kvinne forut for si tid. Skaparen hennar, Sigrid Undset (1882–1949), blir ikkje overraskande også rekna som ein pioner med forfattarskapet sitt. Ho blir framleis omtala som den mest kjende norske kvinnelege forfattaren vår, både nasjonalt og internasjonalt. For historiene om livet i Norden i middelalderen fekk ho i 1928 Nobelprisen i litteratur.

Ein annan sterk kvinnefigur er regissøren som fekk Kristin Lavransdatter på skjermen i 1995, Liv Ullmann (fødd 1938). Ho blir framleis rekna som ein av dei mest kjende norske skodespelarane gjennom tidene. Ho er spesielt kjend for samarbeidet med den svenske filmregissøren Ingmar Bergman, og ho har vunne og blitt nominert til fleire nasjonale og internasjonale filmprisar.

Relatert innhald

Som nyrealistisk forfatter var Sigrid Undset (1882-1949) oppteken av etiske problemstillingar og historiske forteljingar.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Filmhistorie