Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Den danske dikterenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Den danske dikteren

Den danske dikteren av Torill Kove vann Oscar for beste animerte kortfilm i 2007, same året som han vann Genie Awards (Canadas svar på Oscar) i same kategori.

Filmdetaljar

År: 2006

Varigheit: 15 minuttar

Sjanger: Animasjon

Engelsk tittel: The Danish poet

Regi: Torill Kove

Produsent: Lise Fearnley, Marcy Page

Forteljar: Liv Ullmann

Klipp: Phyllis Lewis

Lyd: Håkon Lammetun

Animasjon: Torill Kove, Astrid Alma Aakra, Bjarte Agdestein

Produksjon: National Film Board of Canada, Mikrofilm

Komponist: Kevin Dean

Scenografi: Anne Ashton

Opphav: Canada

Handlinga

Den danske diktaren Kasper Jørgensen reiser til Noreg for å møte det store litterære forbiletet sitt, Sigrid Undset. Han kjem aldri så langt, men søkjer husly på ein gard på vegen. Der forelskar han seg hovudstups i Ingeborg, jenta på garden. Men Ingeborg er lova bort til guten på nabogarden. Kasper håper ho kan la seg inspirere av Kristin Lavransdatter og velje ektemann etter sitt eige hjarte. Men Ingeborg veit korleis det går med Kristin og vågar ikkje å gå mot løftet ho har gitt faren. Samantreff skal likevel føre dei to saman att, noko som skal få stor betydning for forteljaren i filmen.

Oscar i 2007

Den danske dikteren fekk stor merksemd då han vann Oscar for den beste animerte kortfilmen i 2007. Då Kove gav ut forteljinga i bokform etter at filmen vart gitt ut, fekk ho også gode meldingar for boka. Vanlegvis er det bøker som blir adapterte i filmformat. Kove gjekk den motsette vegen og laga ei bok som var inspirert av teikneseriane sin forteljeteknikk, som ein adaptasjon av filmen.

Om regissøren

Torill Kove (1958–) er ein norsk-kanadisk animasjonsfilmskapar, illustratør og forfattar, som sidan 1980-åra har budd og arbeidd i Canada. I tillegg til Den danske dikteren har ho laga fleire andre anerkjende animasjonsfilmar, mellom anna dei to Oscar-nominerte filmane Min bestemor strøk kongens skjorter (1999) og Moulton og meg (2014). Både i filmane og i barnebøkene skapar ho lett attkjennande skikkelsar og miljø med enkle strekar, delvis inspirerte av teikneserieestetikken.

Læringsressursar

Den danske dikteren

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale