Hopp til innhald

  1. Home
  2. NDLA filmChevronRight
  3. FilmkunnskapChevronRight
  4. FilmanalyseChevronRight
  5. Den store skjønnhetenChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Den store skjønnheten

Ein stemningsfull og vakker italiensk film om den tidlegare så lovande forfattaren Jep. Filmen går føre seg i Roma og er regissert av den italienske regissøren Paolo Sorrentino.

Filmdetaljar

År: 2013

Varigheit: 2 timer og 22 minuttar

Sjanger: Drama

Originaltittel: La grande bellezza

Regi og manus: Paolo Sorrentino

Produsent: Vivien Aslanian, Carlotta Calori

Skodespelarar: Toni Servillo, Carlo Verdone, Sabrina Ferilli, Carlo Buccirosso, Iaia Forte, Pamela Villoresi, Galatea Ranzi, Franco Graziosi

Handlinga

Jep nærmar seg 65 år. For fleire år sidan gav han ut ein svært lovande debutroman. Karrieren som forfattar stoppa likevel opp etter den eine boka.

Sidan har han følgt Romas overflatiske sosietetsliv som kulturjournalist – eit liv han byrjar å bli lei av.

Når ein ven fortel Jep at den avdøde kona aldri slutta å elske han, byrjar Jep å interessere seg for dei store spørsmåla i livet.

Eit italiensk meisterverk

Den store skjønnheten har i mange samanhengar blitt omtalt som eit meisterverk. Då filmen gjekk på kino i Noreg, trilla norske meldarar i hovudsak femmarar og seksarar på terningen i omtalane sine av filmen.

Filmen har etter premieren motteke ei rekkje prisar og utmerkingar. Han fekk blant anna Oscar for beste utanlandske film i 2014 – ein pris filmen også fekk Amandaprisen for ved filmfestivalen i Haugesund same året.

Læringsressursar

Den store skjønnheten

SubjectEmne

Kildemateriale